nyhende

Haugaland brann- og redning iks rykka ut til fire bygningsbrannar i 2020. Eitt av oppdraga var då det oppstod brann i eit båthus i Valevåg 5. september. Diverre kunne ikkje båthuset reddast.
Haugaland brann- og redning iks rykka ut til fire bygningsbrannar i 2020. Eitt av oppdraga var då det oppstod brann i eit båthus i Valevåg 5. september. Diverre kunne ikkje båthuset reddast.

Nedgang i utrykkingar – kan skuldast covid-19

Haugaland brann og redning iks melder om færre utrykkingar i fjor enn tidlegare år. Brannsjef Dag Botnen er usikker på om det kan skuldast koronapandemien.

Publisert Sist oppdatert

– I 2020 hadde me ein nedgang i totalt tal utrykkingar, dette er trenden både lokalt og nasjonalt. Om dette skuldast covid-19 er vanskeleg å sei noko sikkert om, opplyser brannsjef Dag Botnen ved Haugaland brann og redning iks. Han karakteriserer 2020 som eit relativt roleg år.

Færre trafikkulukker

Det har vore ein nedgang i trafikkulukker, og det har ikkje vore alvorlege ulukker ved dei to brannstasjonane i Sveio og Førde i 2020. Fjoråret hadde fleire helseoppdrag enn trafikkulukker, men det var likevel ein nedgang sidan 2019.

Rosar Sveio

– Det er ved helseoppdrag me har flest livreddande innsats i 2020, opplyser brannsjef Dag Botnen. Han skryt over innsatsen til brannmannskapa i Sveio.

– Det som er positivt med Sveio er evna til å vera raskt på staden. Vidare er mannskapet godt trent i helseoppdrag, noko som er med og reddar liv kvart år. Sveio er «kvardagsberedskapen» til kommunen og er der folk bur, seier Botnen.

– Bruk oss!

I følgje brannmeister i Sveio, Jarle Erdalsdal, har stasjonane i Sveio og Førde hatt langt færre helseoppdrag det siste året, noko han trur skuldast corona-pandemien. Likevel er han klar på at dei står parat om noko skjer.

– Staben i Sveio og Førde er spesialutdanna til å rykka ut på helseoppdrag. Me ønskjer å bli brukt, seier brannsjef Erdalsdal til Vestavind.

Ifølgje brannsjef Dag Botnen er korona berre delvis forklaringa til at stasjonane lokalt ikkje har blitt brukt så mykje det siste året.

– Det har vore ein meir restriktiv vurdering frå AMK/113 i utkallingar. Elles er det variasjonar der desse kan vera store på stasjonar med relativt få utrykningar, kommenter Botnen.

Fire bygningsbrannar

Lokalt har det likevel vore fleire viktig oppdrag, blant anna fire bygningsbrannar.

  • 29. mars rykka brannvesenet ut til ein hyttebrann i Ålfjordvegen. Det var ikkje opne flammar, og brannmannskap måtte skjæra opp både vegger og golv rundt omnen og pipa for å sløkkja ulmebrannen. Bebuarane måtte finna seg ein mellombels bustad etterpå.
  • 24. juli oppstod det brann det i eit bustadhus i Auklandshamn. Her vart det ingen store skader på bygningen.
  • 9. oktober gjekk brannalarmen på nytt, denne gongen brann det i eit hus på Tittelsnes. Ingen personar kom til skade, og det blei berre minimale skader på hus og inventar. Tørrkoking var årsaka til brannen.
  • 5. september brann eit båthus ned til grunnen i Valevåg.
Powered by Labrador CMS