nyhende

Liv Signe Navarsete gjer seg som statsforvaltar i Vestland.

Navarsete ber om av­skjed

Liv Signe Navarsete har sendt søknad til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet om å fråtre si rolle som statsforvaltar i Vestland.

Publisert Sist oppdatert

– Det har vore eit privilegium å få leia embetet og jobba saman med så mange dyktige medarbeidarar om eit viktig samfunnsoppdrag. Samstundes kjenner eg at tidspunktet no er rett for å gi stafettpinnen vidare, seier Navarsete i ei pressemelding.

67-åringen tiltredde stillinga 1. september 2022, og ber i søknaden om å få tre av same dato i 2026.

– Rolla som statsforvaltar er både givande og krevjande. Etter fleire år med høgt tempo og mykje reising i eit stort fylke, ønsker eg meir tid til familie og andre prioriteringar, held ho fram.

Departementet skal no starta prosessen med å rekruttera ein ny statsforvaltar.

Powered by Labrador CMS