nyhende

Ved utgangen av 2024 var det 22.400 uføretrygda mellom 18 og 29 år. Flest av dei har Aspergers syndrom. Foto: Emilie Holtet / NTB / NPK
Ved utgangen av 2024 var det 22.400 uføretrygda mellom 18 og 29 år. Flest av dei har Aspergers syndrom.

Nav: Fleire unge uføre med autisme, PTSD og ME

Ved utgangen av 2024 var det flest unge uføretrygda med Aspergers syndrom, følgde av lett psykisk utviklingshemming og barneautisme, ifølgje tal frå Nav.

Publisert Sist oppdatert

Dei siste åra har det òg vore ein auke i unge uføre med posttraumatisk stressliding (PTSD) og postviralt utmattingssyndrom (ME), viser Navs tal for 2024.

Ved utgangen av 2024 var det 22.400 uføretrygda mellom 18 og 29 år. Det utgjorde 2,7 prosent av befolkninga i denne aldersgruppa. Andelen unge uføre menn var 2,8 prosent, medan det for kvinner var 2,6 prosent.

Veit ikkje kva auken kjem av

– Dei siste ti åra har det vore ein kraftig vekst i unge uføretrygda. Ein stor del av veksten kjem av fleire unge uføre med diagnosar innan autismespekteret og psykisk utviklingshemming. Me veit òg at fleire barn med alvorlege sjukdommar veks opp no enn før, seier sjefslege i Nav, Marit Hermansen.

– Samtidig ser me at det òg har vorte fleire unge uføre med mellom anna PTSD og ME dei siste åra, seier Hermansen.

Kva auken kjem av, veit dei ikkje.

– Men me må spørja oss korleis me som samfunn skal gi betre støtte og oppfølging slik at det i større grad blir mogleg òg å delta i arbeidslivet, seier Hermansen.

Flest unge uføre med Aspergers

Det var flest unge uføre med enkeltdiagnosen Aspergers syndrom i 2024, og det er også denne diagnosen som har auka mest dei siste åra. I 2024 hadde 10,4 prosent av dei unge uføre asperger syndrom, og andelen har auka med 1,3 prosentpoeng sidan 2020.

Barneautisme kjem deretter med 5,6 prosent, ein auke på 0,6 prosentpoeng sidan 2020.

4,1 prosent hadde PTSD, som er ein auke på 0,9 prosentpoeng sidan 2020. 3,9 prosent hadde ME, som har auka med 0,8 prosentpoeng.

4,3 prosent av dei unge uføre hadde Downs syndrom, ein auke på 0,3 prosentpoeng sidan 2020.

4,6 prosent av dei unge uføre har ei hyperkinetisk forstyrring, som i hovudsak blir brukt for ADHD. Andelen unge uføre med denne diagnosen har vore relativt stabil sidan 2020, med ein auke på 0,1 prosentpoeng det siste året.

Powered by Labrador CMS