nyhende
NAV: Aldri vore fleire kvinner som vel tidleg uttak av alderspensjon
Talet på nye alderspensjonistar held fram med å auke, inkludert 8 prosent auke i mengda som tek ut pensjonen før 67 år. Folk sluttar likevel ikkje å jobbe.
Talet på alderspensjonistar auka med 2 prosent frå utgangen av september 2022 til utgangen av september i år. Då var det 1.035.600 personar som fekk alderspensjon, ifølgje dei siste tala frå NAV.
Uttak av alderspensjon før 67 år blir kalla «tidleg uttak». Det betyr at du fordeler pensjonen din over fleire år og dermed får mindre utbetalt kvart år. Moglegheita vart innført med pensjonsreforma i 2011, og det har aldri vore fleire kvinner som nyttar seg av denne moglegheita.
Det er likevel endå fleire menn som vel tidleg uttak. I dei tre første kvartala i 2023 var det 13.700 menn som valde tidleg uttak. Det er nesten dobbelt så mange som talet på kvinner.
– At fleire enn før tek ut alderspensjon før 67 år, kan komme av den usikre økonomiske situasjonen gjennom høg prisvekst og høgt rentenivå, seier Ole Christian Lien, avdelingsdirektør i NAV i ei pressemelding.
Jobbar parallelt
Lien seier at avgangsalderen frå arbeidslivet framleis er aukande. I 2. kvartal var han oppe i 66,0 år.
Sjølv om fleire tek ut alderspensjonen tidleg, betyr altså ikkje det at fleire også sluttar tidlegare i jobb.
Lien seier det er viktig å vere klar over at tidspunktet for uttak påverkar økonomien seinare i livet, og trur fleire som vel tidleg uttak kan få seg ei ubehageleg overrasking i framtida.
Å kombinere jobb og alderspensjon i ein periode vil gi ein reduksjon i inntekt den dagen ein sluttar i jobb.
– Alle bør ta gjennomtenkte val før dei eventuelt bestemmer seg for tidleg uttak av alderspensjonen, seier Lien.
Kvinner bør vente
Lien påpeikar at det er fleire årsaker til at kvinner både bør vente – og kanskje må vente – med tidleg uttak.
– For det første lever kvinner lenger enn menn og er derfor i større grad tent med å vente med uttaket. Dessutan har færre kvinner tilstrekkeleg pensjonsopptening til å ta ut alderspensjonen tidleg. Det er også fleire kvinner enn menn som får uføretrygd eller andre pensjonar og som derfor ikkje kan ta ut alderspensjon før dei fyller 67 år.
Den opptente pensjonen blir fordelt på forventa tal på attståande leveår som alderspensjonist, og kvinner vil derfor få mindre, sidan dei har lengre forventa levetid.
Ved utgangen av september 2023 var ein femdel av befolkninga i Noreg, eller 19,2 prosent, alderspensjonistar.
Av desse var 135.900 minstepensjonistar, som utgjer 13 prosent av alle alderspensjonistar. Talet har sokke med 1.300 frå same tidspunkt i 2022.