nyhende
Naturvernforbundet krev omlegging av norsk skogbruk
Naturvernforbundet meiner skogbruket tek for lite omsyn til naturverdiar. No krev dei ei omlegging av næringa.
NPK: Det går fram av ein kronikk signert leiar Truls Gulowsen i Naturvernforbundet i avisa Nationen.
Gulowsen peikar mellom anna på at det går føre seg omfattande hogst av gamle naturskogar. Han fryktar at dersom det held fram på same måte vil det meste av naturskogane utanfor verna område vere borte om eit par tiår, og miljøverdiane i den resterande skogen vil vere sterkt redusert.
Han meiner løyvingane til skogvern må aukast slik at ein snarast når minimumsmålet om 10 prosent vern av produktiv skog.
– Den skogen som har størst naturverdi må vernast, skriv han.
I tillegg ber han om at Skogbrukslova og bærekraftforskrifta må endrast slik at natur og næring i praksis blir likestilt, og at det må stillast mykje strengare krav til miljøomsyn.
– Lov og bærekraftforskrift må vere tydeleg, og utan tilvising til skogbrukets eigen PEFC-standard, skriv han.
(©NPK)