nyhende

Det flytande formidlingssenteret «Salmon Eye» i Rosendal opna førre veke. No haustar bygget og eigar Eide Fjordbruk massiv kritikk frå naturvernarar. Foto: Marit Hommedal / NTB/ NPK
Det flytande formidlingssenteret «Salmon Eye» i Rosendal opna førre veke. No haustar bygget og eigar Eide Fjordbruk massiv kritikk frå naturvernarar.

Natur og Ungdom kritiserer nyopna laksesenter

Publisert Sist oppdatert
NPK: Det flytande formidlingssenteret «Salmon Eye» i Rosendal opna førre veke. No haustar bygget og eigar Eide Fjordbruk massiv kritikk frå naturvernarar.

– Dei brukar mange millionar på eit reklamestunt i staden for å løysa dei enorme utfordringane havbruksnæringa står overfor. Det er smaklaust, seier sentralstyremedlem i Natur og Ungdom, Elise Sørensen, til NRK.

Eigaren Eide Fjordbruk seier senteret skal bidra til ein faktabasert, open og engasjert diskusjon om fiskeoppdrett, og at dei vil sjå på både utfordringar og positive sider ved oppdrettsnæringa, med eit mål om berekraftig havbruk.

Sørensen hevdar det er typisk at oppdrettsnæringa å vri på fakta for å avvise kritikk. Til dømes då villaksen i fjor hamna på raudlista over truga artar.

Dagleg leiar Sondre Eide i Eide Fjordbruk meiner Natur og Ungdom «bommar stygt».

– Fakta er essensielt for å få til nyskaping. Vi håpar dette senteret kan bidra. Ein kan ikkje løysa eit problem utan å definera det, seier han til NRK.

Han viser til at «Salmon Eye» har eit uavhengig fagpanel av rådgjevarar, med miljøforkjempar Kenneth Bruvik og representantar frå Havforskingsinstituttet, Mattilsynet, Statistisk sentralbyrå, havbruksnæringa og klimaforsking.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS