nyhende

Hand photo created by wirestock - www.freepik.com

Natt til søndag kjem me éin time nærmare lysare tider

Nei, me er ikkje ferdige med å snu klokka enda. I følgje Nationen har koronapandemien gjort at planen om å kutta ut klokkestilling framleis ligg på vent. Natt til søndag 28. mars klokka 02.00, skal altså klokka stillast éin time fram til kl. 03.00, frå vintertid til sommartid.

Det er Justervesenets si oppgåve å sørga for at den norske tida, representert ved fire atomklokker i Justervesenets tidslaboratorium, bidrar til den offisielle tida i verda. Vanlegvis ligg Noreg ein time før koordinert universaltid (UTC+1), men frå søndag blir det 2 timar (UTC+2).

Skrur gjerne tida fram

Akkurat dette held Justervesenet styr på, for at andre skal sleppa. Dermed er tilrådinga frå direktør Geir Samuelsen klar:

– Tid er ferskvare, fyll ho med det som gjer deg glad. Til dømes å gleda seg litt ekstra til sommaren, det går faktisk mot lysare tider!

Næringsminister Iselin Nybø (V) har ansvar for Justervesenet, og dermed over Noregs tid. Ho vil gjerne skru tida fram:

– Mange er med god grunn lei av heimekontor, heimeskule, stengde restaurantar og pandemi. No rykker me éin time nærare målstreken, men eg skulle ønske eg kunne skru tida enda meir fram, seier næringsministeren.

Powered by Labrador CMS