nyhende
Nato-øvinga er i gang – Russland er godt informert
Ingen nasjonar har meldt avbod til Nato-øvinga Cold Response, som no er i gang på norsk jord. Russland er godt orientert om øvinga, understrekar Forsvaret.
Ingen nasjonar har meldt avbod som følgje av situasjonen rundt Russland og krigen i Ukraina, ifølgje Forsvaret.
Som ved tidlegare øvingar har Russland vorte invitert til å observere. Men denne gongen har dei takka nei. Kreml har likevel vorte godt orienterte om øvinga i lang tid, understrekar generalløytnant Yngve Odlo, som er sjef for Forsvarets operative hovudkvarter (FOH).
– Eg har sjølv snakka med sjefen for den russiske nordflåten. Russland er godt kjent både med øvinga og at det er ei defensiv øving, og dei veit kvar ho kjem til å gå føre seg, og kva vi har tenkt å få til, seier Odlo til NTB.
– Ei verifisering av Nato-forsvaret
Frå Fredrikstad i sør til Nordkjosbotn i nord skal soldatane frå dei ulike landa gjennomføre ei lang rekkje militære øvingar, både på bakken, til sjøs og i lufta.
Det vil vere rundt 220 fly og over 50 fartøy i spel gjennom øvinga.
Cold Response blir gjennomført annakvart år. Pandemien medførte likevel at øvinga i 2020 ikkje kunne gjennomførast før no. Øvinga skjer samtidig som Europa har vorte kasta inn i ei krise i samband med krigen i Ukraina, noko som er eit reint slumpetreff, påpeikar Odlo.
– Kompetanse er ferskvare, og då er det viktig for oss å gjennomføre dette no. Og i desse tider ser vi i alle fall at vi må verifisere at vi faktisk er i stand til å forsvare dei verdiane og det levesettet vi har på ein ordentleg måte, seier Odlo.
– Og det er jo det denne øvinga skal bidra til, seier han.
Fryktar propaganda
Russland kjem til å reagere på Nato-øvinga i Noreg, trur professor Katarzyna Zysk ved Institutt for forsvarsstudium overfor NRK.
– Det er ei varsla øving og inga overrasking for russarane. Dei vil likevel hevde at ei slik Nato-øving ikkje har noko i nord å gjere og kan komme til å bruke henne i propagandaen sin, seier ho.
Forsvaret har på si side vore svært tydelege på openheit og har understreka at det ikkje er noko å skjule overfor russarane.
– Det einaste vi kan gjere, er å komme ut med fakta og vere heilt opne og transparente med at dette er ei defensiv øving der vi øver alliert samspel i krevjande vêrforhold, seier Odlo.
– Vi kjem med fakta, så får andre komme med propaganda.
Ventar ei rekkje besøk
Noreg har lang tradisjon for å halde slike militære øvingar, og det er fleire årsaker til at nettopp Noreg er ein spesielt attraktiv stad for slikt.
– Vi har store havområde og eit stort luftrom som gjer at vi kan øve i eit stort volum av kapasitetar og under krevjande forhold, seier Odlo.
Denne veka skal ein maritim operasjon flytte seg opp langs norskekysten frå Trøndelag opp til Vestfjorden mellom Lofoten og Salten. Deretter går øvinga neste veke meir over i ein klassisk landsoperasjon i områda mellom Harstad/Narvik og Nordkjosbotn.
I løpet av neste veke er det venta ei rekkje besøk frå den politiske og militære leiinga både i Nato og Noreg, ifølgje det offisielle øvingsprogrammet.
Ber folk halde avstand
Nær 40 kommunar i Innlandet, Nordland, Troms og Finnmark er involverte i øvinga. Odlo seier at lokalbefolkninga vil merke ein del militære transportar og aktivitet. Forsvaret skal prøve å orientere godt i førevegen slik at den lokale trafikken blir så lite ramma som mogleg, påpeikar han.
– Sjøbiten vil nok ikkje vere så lett å observere frå land, men ein vil nok kunne observere både militærfly og militær trafikk i dei øvingsområda vi har, seier han.
Dersom ein får auge på militærkolonnar, transportar eller liknande, er det viktig å halde god avstand, ifølgje Odlo.
– Ein kan observere, men halde god avstand av omsyn til eigen tryggleik.
(©NPK)