nyhende
Nasjonale turistvegar jubilerer
18 vegstrekningar har i dag tittelen «Nasjonal turistveg» og er snart heilt ferdigstilte. Samtidig ser 30-årsjubilanten ikkje bort frå at det framover kan bli fleire vegar spesielt tilrettelagt for turistar.
Atlanterhavsvegen med sju bruer, strekninga Geiranger-Trollstigen med dei velkjente hårnålssvingane sine, gamlevegen over Strynefjellet med stabbesteinar, det snørike Aurlandsfjellet, Hardangervidda med Vøringsfossen og Måbødalen og Andøya og Senja som ytre alternativ til E6.
Dette er sju av dei 18 vegstrekningane som er plukka ut til å bli Nasjonale turistvegar, som til saman tel 2.225 kilometer med tilrettelagt veg for norsk reiseliv. Til sommaren blir det markert at det er 30 år sidan arbeidet byrja.
Verdiskaping i distrikta
For det starta i 1993. Stortinget oppfordra Samferdselsdepartementet til å sjå nærmare på korleis veg og landskap kunne kombinerast i reiselivet. Statens vegvesen tok oppdraget med å utvikle ein turistattraksjon for å styrkje Noreg som reisemål i den internasjonale konkurransen, ved å få vegfarande turistar til å bruke Noreg som ferieland.
No 30 år etter har det resultert i at 18 vegstrekningar har fått status som «Nasjonal turistveg» — strekningar der det er investert i infrastruktur tilpassa turistnæringa og vegfarande. Rutene går gjennom landskap med spesielle naturkvalitetar med kyst, fjordar, fjell og fossar.
Dei utvalde vegane har òg fått arkitektur og kunst på tilrettelagde utsiktspunkt og rasteplassar som skal styrkje opplevinga – formgitt av 50 arkitekt- og landskapsarkitektfirma og åtte kunstnarar. Strekningane er meint å vere eit godt alternativ til hovudvegane og køyreturen i seg sjølv skal gi ei god oppleving.
52 forslag kom inn
Du kan leggje bilturen langs nasjonale turistvegar i fylka Troms og Finnmark, Nordland, Møre og Romsdal, Vestland, Rogaland, Agder, Viken og Innlandet.
– Målet er at folk skal ta det med ro, oppleve det som er langs ei strekning, leggje att meir pengar i området og bidra til verdiskaping og styrking av bedriftene, seier Jan Andresen til Nynorsk pressekontor. Han var seksjonsleiar for Nasjonale turistvegar i Statens vegvesen frå 1998 fram til april i år.
– Turistvegarbeidet starta opp att i 1998 med erfaringane frå prøveprosjektet i åra 1994–1997 som utgangspunkt. Då sende vi brev til alle kommunar, fylkeskommunar og reiselivslag der vi bad som forslag til vegar i deira område som kunne bli nasjonale turistvegar. Vi fekk då inn 52 forslag på til saman 8.000 kilometer, og ut ifrå desse og nokre til valde vi dei 18 strekningane vi har i dag.
For å markere 30-årsjubileet, blir det mellom anna utstilling og seminar på Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo frå 15.–25. juni. Utstillinga vil vise 121 av dei 176 prosjekta som er gjennomført til og med 2023.
Naturinngrep
Frå 1. april i år har Silje Myhre Amundsen vore ny «turistveg»-sjef.
– Nasjonale turistvegar er eit viktig bidrag til styrking av næringslivet i distrikta. Vi ønskjer at fleire både her heime og ute bruker Noreg som feriedestinasjon, i staden for å dra til Hellas eller Thailand.
Myhre Amundsen er utdanna landskapsarkitekt og hevdar den kunsten og arkitekturen Nasjonale turistvegar har stått bak for det meste er små tilretteleggingar i dei store landskapa og at dei gjer naturopplevingane langs turistvegane betre.
Stort sett blir det brukt vegar som turistane allereie har oppdaga, men det er alltid ein balanse mellom tilrettelegginga og naturinngrepa når det er behov for meir areal. Det har difor for det meste vore stille rundt naturinngrepa på nasjonale turistvegar og lite kritikk i media.
Det største unntaket er Vøringsfossen. I 2020 blei ei gangbru installert over elva Bjoreia oppstraums den 182 meter høge fossen. Det fekk fleire til å kalle det eit overgrep mot naturen.
Kan bli fleire
Dei 18 utvalde vegstrekningane som i dag utgjer Nasjonale turistvegar, er snart ferdigstilte. Myhre Amundsen fortel at i åra som kjem, vil mykje av arbeidet gå på å ta vare på og vidareutvikla desse. Ein del prosjekt er allereie nokre tiår gamle og har behov for fornying. Samtidig ser ho ikkje vekk frå at talet på vegstrekningar som får status som nasjonal turistveg, kan bli større i det langstrekte landet vårt.
— Vi må uansett vere tru til dei kriteria som låg til grunn for utveljinga av dei 18 vi har i dag. Vi må leggje vekt på landskapet, opplevinga, og at strekninga skal vere eit alternativ til hovudvegen. Om der ikkje er vegar som oppfyller dei kriteria, blir det ikkje fleire nasjonale turistvegar, men dei finst mest truleg der ute, seier Silje Myhre Amundsen.
Nasjonale turistvegar 2023:
- Varanger
- Havøysund
- Senja
- Andøya
- Lofoten
- Helgelandskysten
- Atlanterhavsvegen
- Geiranger – Trollstigen
- Gamle Strynefjellsvegen
- Rondane
- Sognefjellet
- Valdresflye
- Gaularfjellet
- Aurlandsfjellet
- Hardanger
- Hardangervidda
- Ryfylke
- Jæren