nyhende

20201116_132823

Nasjonale prøvar fortel at Sveio-elevar meistrar meir no

5. klassingane scorar betre enn nokon gong på nasjonale prøvar, medan 9. klassingane hevdar seg spesielt innan rekning. Elevane på 8. trinn meistra ikkje prøven like godt.

Publisert Sist oppdatert

I starten av skuleåret gjennomførte 5. og 8. trinn over heile landet nasjonale prøvar i engelsk, lesing og rekning, 9. klassingane i lesing og rekning. Meininga er å måla resultat over tid, og dei siste åra har Sveio hatt noko å strekka seg etter.

No har årets resultat kome, og er for 5. trinn og 9. trinn på det jamne oppløftande samanlikna med tidlegare årskull sine resultat, også om ein ser på det nasjonale snittet.

Dette viser kort fortalt at elevane kan meir om det dei skal kunna.

Språkkommune

Det er spesielt i lesing og rekning kunnskapane har auka i 5. klassane. Når det kjem til rekning, er det i år langt færre i det lågaste meistringsnivået (1) enn åra før, Sveio ligg over landssnittet når det gjeld kunnskapar i både 2. og 3. meistringsnivå.

Samanlikna med fjorårets kull har rundt ti prosent fleire av 5. klassingane forståing for dei mest kompliserte tekstane i lesing. Dette er godt nytt, men kvifor kjem dei gode resultata no?

Ein må nokre år tilbake, då mykje kunne forbetrast over heile linja, fleire grep blei gjort. Me høyrer med Asle G. Halleraker, leiar for hovudutval oppvekst og kultur, som også har hand om skulane i Sveio.

På rett spor

– For nokre år tilbake utvikla administrasjonen i Sveio kommune med Solfrid Lier Habbestad i spissen eit overordna strategidokument som politikarane slutta seg til. Eit slikt styringsdokument er viktig for å nå felles mål, seier Halleraker. Sveio blei også språkkommune i denne prosessen.

Asle Halleraker (Ap).

Han gler seg over dei oppløftande resultata for 5. og 9. trinn. Han vil trekka fram lærarane som har gjort ein god jobb, men også heimane for god oppfølging.

– Ein skal nyta gode resultat – ikkje kvila på dei, men halda eit jamt trykk og skapa ei fin utvikling for elevane våre over tid, seier Halleraker. Sjølv om det no ser ut til at Sveio er på rett spor, og i tillegg på nokre område ligg på snitt eller over snitt frå landet, er han merksam på at ting er i endring – på godt og vondt.

Variasjonar

– Det kan sjå ut til at trenden har snudd, men det vil sjølvsagt vera variasjonar frå kull til kull, også i framtida, men me er opptatt av at linjene er stigande over tid, seier Halleraker.

Og nettopp det med variasjonar er det for 8. trinnet. Her var det ein del elevar som berre meistra delar av prøven.

– Dette kan etter mitt syn skuldast årskullvariasjonar og variabel læringskultur for elevane då dei gjekk på mellomtrinnet – eller andre faktorar. Eg har god tru på at skulen klarar å identifisera kvifor, og at dei arbeidar med kvalitet i opplæringa. Tal og statistikk skal behandlast med forsiktigheit, det er mykje som kan liggja bak. Klassar kan ha opplevd ting som kan påverka resultat, i positiv eller negativ retning, påpeikar Halleraker.

Måling av utvikling over tid starta i 2014 for engelsk og rekning, og i 2016 for lesing.

5. trinn

Engelsk Sveio Nasjonalt
Meistringsnivå 1 28,4 % 24,6 %
Meistringsnivå 2 46,6 % 47,8 %
Meistringsnivå 3 25 % 27,6 %

Prosenten står for tal elevar.

Lesing Sveio Nasjonalt
Meistringsnivå 1 24,7 % 23,3 %
Meistringsnivå 2 52,8 % 55,1 %
Meistringsnivå 3 22,5 % 21,6 %

Prosenten står for tal elevar.

Rekning Sveio Nasjonalt
Meistringsnivå 1 13,6 % 24,0 %
Meistringsnivå 2 58,0 % 51,7 %
Meistringsnivå 3 28,4 % 24,3 %

Prosenten står for tal elevar.

8. trinn

Lesing Sveio Nasjonalt
Meistringsnivå 1 13,8 % 9,6 %
Meistringsnivå 2 13,8 % 17,6 %
Meistringsnivå 3 52,3 % 41,6 %
Meistringsnivå 4 16,9 % 21,9 %
Meistringsnivå 5 3,1 % 9,4 %

Prosenten står for tal elevar.

Rekning Sveio Nasjonalt
Meistringsnivå 1 1,5 % 7,7 %
Meistringsnivå 2 27,7 % 23,5 %
Meistringsnivå 3 50,8 % 38,6 %
Meistringsnivå 4 15,4 % 20,1 %
Meistringsnivå 5 4,6 % 10,1 %

Prosenten står for tal elevar.

Engelsk Sveio Nasjonalt
Meistringsnivå 1 11,1 % 8,9 %
Meistringsnivå 2 17,5 % 17,4 %
Meistringsnivå 3 49,2 % 42,9 %
Meistringsnivå 4 15,9 % 20,5 %
Meistringsnivå 5 6,3 % 10,2 %

Prosenten står for tal elevar.

9.trinn

Lesing Sveio Nasjonalt
Meistringsnivå 1 5,8 % 5,8 %
Meistringsnivå 2 7,2 % 11 %
Meistringsnivå 3 40,6 % 35,3 %
Meistringsnivå 4 24,6 % 28,5 %
Meistringsnivå 5 21,7% 19,3 %

Prosenten står for tal elevar.

Rekning Sveio Nasjonalt
Meistringsnivå 1 3 % 4,7 %
Meistringsnivå 2 9 % 15,5 %
Meistringsnivå 3 40,3 % 35,1 %
Meistringsnivå 4 28,4 % 25,5 %
Meistringsnivå 5 19,4% 19,2 %
Powered by Labrador CMS