nyhende
Nasjonaldrakter frå Rogaland til Karasjok i 17. mai-toget
17. mai-toget i Sveiobygda var ein fin samling av smil, sol og god stemning. Samtlege var takksam for kjølande vind, og dei fleste lova å ta seg ein is.
Toget står klar på «stasjonen» Vigdartun, men har ikkje byrja å gå enno. Midt i folkemengda står Alde og Victoria(begge 13 år) og held fana til Vikse skule.
– Har du på deg ei kofte?
– Ja, frå mamma si side, svarar Alde.
Frå tog til stall
– Kvar i Noreg er kofta frå?
– Den er frå Karasjok, og søljene er frå både Kautokeino og Karasjok, seier Alde.
Ho skal attende til Vigdartun etter toget, men ikkje Victoria.
– Eg skal rett i stallen etterpå til mine tre hestar, seier ho.
– Skal dokker eta is?
– Ja! Masse, humrar Alde.
– Kor mange då?
– Veit ikkje, seier Victoria.
Minst to is
Lengre bak står dei to mødrene Cecilie og Martha, som er til stades i toget saman med borna sine som går på Sveio skule.
– Me elskar 17. mai, jublar Martha!
Dei er begge kledde i kvar si Rogalandsbunad, men farga på vesten har dei vald sjølv.
– Skal dokker eta is?
– Ja, masse! Seier Martha
– I kvart fall to, smiler Cecilie.
Toget byrjar å gå og det er eit fantastisk syn. Korpset speler og drillutøvarane viser kva dei kan, til jubel og hurra-rop frå folkemengda. Ei stolt styreleiar i Sveio Drill, Inger Emilie Kvalvåg Panayiotou, ser på drillutøvarane og tek fleire bilete av dei.
I krysset mellom Sveiogata og Løkjavegen står ei lita jente med ein krans av blomar i håret, lille Camilla Vierdal(snart 2 år). Ho ser hundretals sveibuar passera, mange av dei i varme bunadar, utan at det stoppar den gode stemninga.