nyhende
Narkotikakurér: Dømd til to år og seks månadar fengsel
Ein mann i 40-åra av litauisk opphav, er i Haugaland og Sunnhordland tingrett, dømt for mottak og transport av 1,976 kilo amfetamin og 500 MDMA tablettar.
Tiltalte har frakta amfetamin frå Mølstrevåg til Paddevegen. Han har såleis hatt ei sentral rolle og vore ein nødvendig forutsetnad for at stoffet skulle overleverast til vidare distributørar. Berre politiet si effektive og målretta etterforsking gjorde at stoffet ikkje kom ut på den illegale marknaden. Dommen er sett til fengsel i to år og seks månader. Til frådrag går 176 dagar for uthalden varetekt.
19. februar 2019 føretok politiet ransaking av ein bustad i Haugesund der det blei funne rundt 1,9 kilo amfetamin og rundt 2000 MDMA tablettar. Personen som budde der blei seinare dømt fire års fengsel for befatning med narkotikaen.
Skjult etterforsking
Ransakinga førte til at det blei iverksett skjult etterforsking mot denne personen, blant anna gjennom telefonavlytting og spaning. Vidare blei det sett på GPS-sporing på bilen hans.
Ein junikveld i 2019 følgde politiet etter då mannen med tiltalte som passasjer, køyrde frå bustaden i Haugesund til Mølstrevåg. Kort tid etter forflytta bilen seg til eit anna hus i nærleiken, der tiltalte blei observert gåande bærande på ein plastpose. Kort tid etter returnerte bilen til den første adressa i Mølstrevåg.
GPS-sporing og videokamera
Dagen etter gjennomgjekk politiet GPS-sporinga på bilen. Under turen til til Paddevegen viste trafikkdata at tiltalte hadde skifta basestasjon. I eit skogholt, litt til sida for ein smal grusveg, fann politiet ein pakke om viste seg å innehalda 1,976 kilo amfetamin og 500 MDMA tablettar. Pakken låg delvis under ein stein, og var dekka med ein liten granbusk. Politiet beslagla pakken og sette deretter opp eit videokamera.
Dagen etter framgår det av kommunikasjonskontrollen at ein tredje mann er i skogen og leitar. Han får instruks via telefon, men finn ingenting. Då den tiltalte blir konfrontert med at dei andre ikkje finn pakken, seier han at han må ha lagt feil, og at han skal gjera opp for seg.
Seinare på dagen køyrer to av hans medsamansvorne til den aktuelle staden, men må gje opp leitinga. Då dei forlet staden oppdagar dei politiet sitt videokamerat og tek dette med seg. Same kveld blir dei to pågripne og varetektsfengsla.
Omfattande sak
Tiltalte drog samstundes tilbake til Litauen. I denne saka har det vore ei omfattande etterforsking med fleire involverte. Politiet venta til dei hadde teke ut tiltale mot sentrale aktørar i saka før dei etterlyste tiltalte internasjonalt.
Tiltalte har sete i varetekt sidan han blei utlevert til Noreg i desember 2020. Han forklarte i tingretten at han forstod at pakken inneheldt narkotika. Forklaringa til vedkommande går ut på at han blei beden om å henta pakken inne i ein mur under ein presenning, for deretter å gøyma han i skogen. Tiltalte fekk også vita korleis personen som skulle henta pakken såg ut.
Då pakken ikkje blei funnen, fekk politiet bevis for at tiltalte var skuldig, då han fleire gonger forklarte til sine medsamansvorne kor han hadde gøymd pakken med narkotika.