nyhende

Når nettene blir lange ser vi britisk kjærleikskomedie

I år er det 20 år sidan filmen Love Actually hadde premiere. Han er i dag rekna som ein av dei mest ikoniske filmane i julefilmsjangeren.

Publisert Sist oppdatert

Sjølv innrømmer eg gjerne at eg er ein av dei som benkar meg framfor TV-skjermen både ein, to og ti gongar i desember for å sjå Love Actually. Vanlegvis er eg ikkje den som kastar meg over dei romantiske komediane, men akkurat denne filmen treffer noko i meg. Kva er det med denne filmen som gjer at eg og millionar av andre har trykka han til brystet? Finn vi svar i politikken?

Heile det politiske spekteret

For blant dei som regjerer er det òg rom for å kose seg med litt romantikk på fjernsynet når julefreden senkar seg. Om du leitar etter likskapstrekk mellom di og Nato-sjefen si julefeiring er kanskje svaret nærare enn du trur:

– Heime hos meg pleier vi å sjå Love Actually til jul. Der er det både kjærleik, jul og statsministrar. Det er ein fin kombinasjon, sa til dømes tidlegare statsminister og noverande Nato-sjef Jens Stoltenberg til Nordre Aker Budstikke i 2012.

Men Love Actually famnar breitt i det politiske spekteret. Stoltenberg er nemleg ikkje den einaste eks-politikaren som elskar filmen.

– No kan jula berre kome

– Love Actually vekkjer alle dei rette julefølelsane. Filmen er julete, romantisk, og trist. Eg gret tre gonger kvar einaste gong eg ser han, sa tidlegare Høgre-politikar og statsråd Torbjørn Røe Isaksen til NRK året etter at Stoltenberg erklærte sin kjærleik til filmen.

Same år kunngjorde også dåverande leiar i SV Audun Lysbakken at han ser filmen:

– Treet er pynta, Love Actually sett og svigerfar har sett over pinnekjøtet. No kan jula berre komme, skreiv Lysbakken på Facebook i 2013.

Så filmen er openbert populær blant politikarane, men vi har framleis ikkje fått svar på kvifor. Er det musikken som fengjer oss?

Ei heilt ny julelåt

For Love Actually bidrog nemleg til at vi fekk ei heilt ny julelåt i mangfaldet av julemusikk. Ein av karakterane Billy Mack slår nemleg gjennom med julelåten «Christmas is all around» i ei av historiene i filmen. Songen er om lag heilt identisk med klassikaren til The Troggs «Love is all around» frå 1967, og dei fengjande rytmane frå originalen har nok i stor grad bidrege til at den nye songen har blitt ein hit – også utanfor filmlerretet.

Songen nådde dei amerikanske Billboard-listene, som er blant dei mest prestisjefulle rangeringane i musikkbransjen, og var på eit tidspunkt nummer to på singellista der. Nokre hevdar til og med at originalen Love is all around har gått heilt i gløymeboka i USA og at Christmas is all around har blitt ein kultklassikar.

Men filmen har òg blitt prøvd «rusta opp» ved hjelp av musikk. Svenske Stockholm Concert Orchestra turnerer i desse dagar rundt med Love Actually™ in Concert. Konseptet er at Love Actually blir vist på storskjerm medan orkesteret spelar filmmusikken. Framsyninga har gått i fleire år og er stadig like populær. 19. november var orkesteret i Oslo Konserthus og billettane til framsyningane var svært ettertrakta, ifølgje arrangøren.

Jubileumsutgåve

For oss som ikkje får nok av filmen kan vi glede oss over ei heilt spesiell overrasking i samband med jubileet. Det kjem nemleg ein heilt nyrestaurert versjon av klassikaren.

I tillegg blir det sloppe ein 30-minutt lang film der delar av rollebesetninga og filmskaparane mimrar om favorittminna sine frå innspelinga av filmen. På YouTube ligg ein liten smakebit av kva vi kan vente oss i den filmen. Blant anna blir hovudrolleinnehavarane stilt spørsmålet: «Love Actually is what?» og stjerneskodespelar Hugh Grant, som spelar statsminister i originalen, svarer «dead».

Lite tydar på at han har rett førebels for Love Actually-bølgja har definitivt ikkje lagt seg etter 20 år på TV-skjermar verda over.

Powered by Labrador CMS