nyhende
Når blir eit hol i vegen for stort?
Om eit hol i vegen må utbetrast er noko som avgjerast med skjønn. — Det skal ikkje mykje til for at entreprenør reparerer det, seier Roger Lemme, byggeleiar i Vestland fylkeskommune.
Vestavind har teke bilete og målt fleire hol i vegane i Sveio. Kvar veke presenterer me eit nytt.
Fokuset vert på hol, og ikkje dårleg vegdekke. For å visa storleik og djupna i holet nyttar me to kvardagslege ting, ein penn og ei drikkeflaske.
Klarar du å gjetta kvar holet er? Har du ein favoritt og/eller ein versting? Send oss bilete av holet til tips@vestavind-sveio.no og skriv kvar det er!
Inspeksjon kvar 14 dag
— Når er eit hol for stort?
— Det er reglar for det. Det du kan seia er at såkalla slaghol og mindre lurvekantar er noko entreprenørane skal lappa etter kvart som dei oppdagar det. Dei køyrer inspeksjon kvar 14 dag på fylkesvegane, seier Roger Lemme.
Han er byggeleiar for Vestland fylkeskommune og har mykje av kontortida si ute på vegane i fylket, mellom anna Sveio.
Ansvaret for fylkesvegane ligg hos fylkeskommunen. Samstundes så har dei sett ut vedlikehald av desse til forskjellige entreprenørar.
— Lapping av hol er ei funksjonsoppgåve. Det vil seia at entreprenøren på eige initiativ skal planlegga, identifisera behov, iverksetjing av tiltak og dokumentera tilstand og innsats, seier Lemme.
I Sveio er det Mesta.
— Me har registrert veldig dårleg dekke på mellom anna fylkesveg 541 og Gullvegen, seier Hulda Tronstad, leiar for kommunikasjon.
Ho stadfestar også at dei har inspeksjon av vegane deira i Sveio kvar 14 dag.
Pengar og fylkespolitikarar
Skal eit hol i vegen fiksast er det altså Mesta som skal gjera det. Sjølv tek Lemme og avdelinga hans berre større oppdrag.
— Då dreier det seg om større område mellom 50 og 200 kvadratmeter, seier han.
Men, kva strekningar som vert valde ut avheng av pengar og politikarar.
— Utifrå dei årlege løyvingane frå fylkespolitikarane, utifrå tilstand på dekke og utifrå trafikkmengde på den aktuelle vegen, seier Lemme.
Ein veg med låg mengde trafikk vil difor kome lågare ned på lista av prioriteringar.
— Fylkesveg 541 mellom Buavåg og Sveio skal snart få sterk auke i tung trafikk. Har de nokre planar for vegen der?
— Det vil jo føra til auka slitasje, men me har ikkje nokre konkrete planar. Me skal på synfaring i løpet av juni for å sjå etter plassar me kan nytta maskinell reparasjon av dekket, svarar han.
Samlar opp fleire strekningar
Tidlegare i år var Lemme og ein kollega på Auklandshamn for å mellom anna sjekke eit rekkverk på ein bru.
— Me har ikkje fiksa det. Me har ikkje eit tidspunkt for når den blir utbetra. Det er prisar det kjem an på, seier han.
Han fortel at dei forsøker å samla opp fleire strekningar som treng å skifta eller reparera rekkverk. Då får dei ein betre pris hjå entreprenør. Dei må tenka økonomisk.
— Me kan ikkje gjera det uansett pris. Det er har også med prioriteringar av vegar og trafikkmengde, seier Lemme.
Nemner ikkje kor djupt
— Er det eit regelverk som kan fortelja om eit hol er stort nok til å vera trafikkfarleg?
— Ja, Statens vegvesen si handbok V261, svarar han.
Den vart gjeve ut i 1996, og seier mellom anna følgjande om slaghol:
— Eit viktig kjenneteikn vil vera at slaghol har relativt skarpe kantar som i uheldige situasjonar kan skada køyretøy og vera ein fare for trafikktryggleiken.
Statens vegvesen deler hola opp i tre kategoriar, låg (L), middels (M) og høg (H), utifrå diameter på holet. Men, dessverre står det ikkje noko om djupleik, noko som også kan vera ein faktor.
Vinnar forrige veke
Hola var i Gullvegen. Det fyrste var rett sør for innkøyrselen til Lyngholm, og det andre i nordleg ende av Anderstjørna.
Gratulerer til Leif Tore Haukås!