nyhende

Det vil komme tilbod om ein fjerde dose koronavaksine, men timingen er spørsmålet, seier assisterande helsedirektør Espen Nakstad. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Det vil komme tilbod om ein fjerde dose koronavaksine, men timingen er spørsmålet, seier assisterande helsedirektør Espen Nakstad.

Nakstad: Det vil heilt sikkert komme tilbod om fjerde vaksinedose

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Det er sikkert at det vil komme eit tilbod om ein fjerde vaksinedose, spørsmålet er når, seier assisterande helsedirektør Espen Nakstad.

– Bør ein gi det no på slutten av ei stor smittebølgje, eller bør ein vente til neste vintersesong? Ein må finne det beste tidspunktet å gi han på. Og der er det vanskelege vurderingar som blir gjort av dei ulike folkehelseinstitutta i ulike land, seier Nakstad til NRK.

Nakstad seier at Folkehelseinstituttet vurderer dette fortløpande. Det er allereie ei tilråding om ein fjerde dose koronavaksine til alle med svekt immunforsvar.

I Sverige valde ein først å tilrå ein fjerde dose til dei over 80 år, og no til dei over 65.

– Dei landa som var først ute med å tilrå ein tredje dose, er òg først ute med den fjerde, som til dømes Israel, seier Nakstad.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS