nyhende

Når regjeringa lèt vere å gi lettar som monnar for bilistane er det ifølgje NAF folk i distrikta som kjenner seg svikta. (Foto: NAF)
Når regjeringa lèt vere å gi lettar som monnar for bilistane er det ifølgje NAF folk i distrikta som kjenner seg svikta. (

NAF: Nesten ni av ti i distrikta vil ha avgiftskutt på drivstoff

Ei ny undersøking frå NAF viser at 86 prosent av bileigarane i distrikta vil ha lågare avgift på drivstoff. – Folk er utolmodige etter å sjå grep frå regjeringa, seier Thor Egil Braadland, styresmaktskontakt i NAF.

Publisert Sist oppdatert
NPK: Dette kjem fram i ei pressemelding frå NAF. Her viser organisasjonen til at regjeringa i regjeringserklæringa lova å setje ned drivstoffavgiftene. Nye tal viser at spesielt distrikta er svært utolmodige i spørsmålet om avgiftskutt.
  • Nesten ni av ti i distrikta – 86 prosent – meiner regjeringa bør kutte i drivstoffavgiftene. I sentrale strøk er delen 76 prosent.
  • På spørsmål om kutta bør vere permanente eller mellombelse svarar folk i distrikta oftare at dei vil ha permanente enn mellombelse kutt. I dei sentrale strøka er det omvendt.
  • Annankvar bilist i distrikta meiner avgiftene bør setjast ned permanent. Tilsvarande del for folk i byane er 34 prosent.
  • I distrikta er delen som meiner at dagens avgiftsnivå på drivstoff er akseptabelt halvparten av nivået i byane.

«Når regjeringa lèt vere å gi lettar som monnar for bilistane er det folk i distrikta som kjenner seg svikta. At folk som bur i distrikta vil ha varige kutt i drivstoffavgiftene kan neppe komme som noka overrasking på regjeringa, med tanke på at det er i distrikta at bilavhengnaden er størst og elbilandelen er lågast», seier Braadland i pressemeldinga det det blir vist til at etter den siste avgiftsauken har Noreg no verdas nest høgaste prisar på bensin og diesel.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS