nyhende

17 sprøyter med vaksine mot covid-19 er klare.
Slik ser sprøytene ut, ferdig doserte.

Nær halvparten er fullvaksinerte – mange av dei yngre har ikkje registrert seg

No er nær 80 prosent av befolkninga i Sveio over 18 år vaksinerte med minst éin dose av vaksine mot covid-19. Mange unge har ikkje meldt si interesse for å få tilbod om vaksinen, det har ført til at personale frå skular og barnehagar får tilbod om å bli fullvaksinerte i sommarferien.

Publisert Sist oppdatert

Prosentandel 1. dose for lågaste aldersgrupper i Sveio:

18-24 år: 64 %
25-39 år: 60 %
40-44 år: 68 %

Tidleg denne veka opplyser Folkehelseinstituttet at tilsvarande vaksinasjonsdekning i landet er 83,4 prosent for dei som har fått 1. dose, 42,3 prosent har fått 2. dose.

I starten var det god pågang av folk som registrerte seg i vaksinekøen, no er 47 prosent av dei over 18 år i Sveio er fullvaksinerte. Registreringane til dei som ønskjer å ta vaksine kjem ikkje like tett som før.

Mindre interesse

Det er aldersgruppa mellom 18 og 44 år som er prioriterte no, og interessa for vaksine ser ut til å vera lågare til yngre ein er, i hovudsak gjeld dette aldersgruppa 18-24 år.

– Kva kan vera grunnen?

– Det er vanskeleg å seia heilt sikkert. Det kan vera ein kombinasjon av at det er vanskelegare å nå ut til dei yngste med informasjon om vaksine. På same tid er det ei aldersgruppe som ikkje får dei mest alvorlege konsekvensane om ein får covid-smitte, det kan ha noko å seia på motivasjonen for å ta vaksine, seier Tore Bøe Olsen, leiar for helse og rehabilitering i Sveio kommune.

Fullvaksinert personale

Torsdag har vore vaksinasjonsdag i Sveio i mange veker, også i sommar. Sidan dei mottekne vaksinedosane ikkje har hatt nok mottakarar i rett aldersgruppe, tok Sveio kommune i juni ei avgjerd om å gi tilbod om vaksine til skule- og barnehagepersonale. Dei som ønskjer det, skal no bli fullvaksinerte innan skule- og barnehagestart i veke 33.

Tore Bøe Olsen, einingsleiar for helse og rehabilitering i Sveio kommune.

– Sidan det ikkje var meldt seg nok folk til første dose i aldersgruppa, forserte me 2. dose til enkelte grupper. Skule- og barnehagepersonale blei prioritert. Me har òg starta med å gi 2. dose tidlegare enn det me i utgangspunktet skulle gjera. Frå og med neste veke sender me ut nye timar til dei som skal få 2. dose, me går ned til sju vekers intervall på dei som i utgangspunktet er sett opp til 12, seier Bøe Olsen.

Må registrera seg sjølve

Om nokon ønskjer vaksine, uavhengig av alder, må ein sjølv ta affære seg for å bli tatt inn i køen.

– Me er avhengige av at folk registrerer seg i vaksinekøen elektronisk, eller ringer vaksinetelefonen. Eg vil oppmoda dei som enda ikkje har fått første dose, og som ikkje har registrert seg i vaksinekøen til å ta kontakt, slik at dei blir sett opp til time. Kommunen oppmodar sterkt om å gjera det, seier Bøe Olsen, og viser til Sveio kommune sin nettstad for meir informasjon.

I sommar har hallen i Vigdartun vore vaksinasjonsstad, men frå torsdag 19. august møter dei som skal få vaksine på Sveio soknehus.
Powered by Labrador CMS