nyhende

Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) er blant dei som har førehandsstemt. Han leverte stemma si på St. Hanshaugen i Oslo torsdag. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK
Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) er blant dei som har førehandsstemt. Han leverte stemma si på St. Hanshaugen i Oslo torsdag.

Nær éin av fire har førehandsstemt – bikkar snart 1 million

Nær éin av fire stemmeføre har allereie stemt i stortingsvalet. Talet på førehandsstemmer vil etter alt å dømme bikke ein million i løpet av helga.

Publisert Sist oppdatert

Totalt har 936.061 nordmenn vore og levert stemma si, opplyser Valdirektoratet.

Torsdag var det ny rekord i talet på førehandsstemmer på éin dag så langt i dette valet, med 119.870 som stemde.

Éin av dei var finansminister Jens Stoltenberg (Ap), som dukka opp i stemmelokalet på St. Hanshaugen i Oslo i 17-tida torsdag.

Han synest det har vorte veldig lett å førehandsstemme og oppmodar fleire til å gjere det same.

– Valet er i gang, det har vore i gang lenge allereie. Eg synest det er fint å vise at førehandsstemme er noko ein kan gjere og at det er lett å gjere, sa Stoltenberg til NTB då han skulle stemme.

Ifølgje SSB er det i overkant av 4 millionar stemmeføre i stortingsvalet i år. Det betyr at 23 prosent av dei har stemt allereie.

Powered by Labrador CMS