nyhende

10,5 prosent av befolkninga får no uføretrygd. I Innlandet og Agder får over 14 prosent av innbyggjarane uføretrygd. I Vestland og Rogaland er delen trygda berre 8,9 prosent.
10,5 prosent av befolkninga får no uføretrygd. I Innlandet og Agder får over 14 prosent av innbyggjarane uføretrygd. I Vestland og Rogaland er delen trygda berre 8,9 prosent.

Nær dobbelt så mange uføre i Agder og Innlandet som i Vestland og Rogaland

Det er ikkje berre talet på unge uføretrygda som aukar – det gjer også skilnaden i talet på uføre fylka imellom. NAV-direktør meiner likevel ikkje adressa påverkar utfallet av ein uføresøknad.

Publisert Sist oppdatert

7 av 10 i arbeid

Ved utgangen av mars 2024 var det 368.800 nordmenn som fekk uføretrygd. Det var ein auke på 2.200 personar (0,6 prosent) sidan utgangen av kvartalet før.

Delen uføretrygda kvinner var ved utgangen av mars 2024 på 12,5 prosent, same del som førre kvartal. For menn gjekk delen opp 0,1 prosentpoeng til 8,5 prosent.

Arbeidsstyrken i 2023 var ifølgje NAV på 2.983.000, og blant desse var 72,8 prosent i arbeid. Litt over 53.000 personar, tilsvarande 1,80 prosent av arbeidsstyrken, var registrert heilt ledige.

10,5 prosent av nordmenn over 18 år får no uføretrygd. Ifølgje NAV sine tal for mai toppar Innlandet og Agder statistikken. I desse fylka går over 14 prosent av innbyggjarane på uføretrygd, medan Vestland og Rogaland er blant fylka med færrast uføretrygda. Aller minst arbeidsuføre er det likevel i Oslo, der berre 6,3 prosent av befolkninga er innvilga uføretrygd.

Ulike årsaker

Korleis kan det ha seg at skilnadene er så store mellom fylka?

– Høg alder, låg utdanning og låg inntekt heng saman med dårlegare helse og auka risiko for å bli ufør. Variasjonar i desse faktorane mellom fylka vil føre til forskjellar i talet på uføre, seier statsvitar Åshild Male Kalstø, som er seniorrådgjevar ved analyseseksjonen i NAV.

Av fylka er det, ifølgje Telemarksforsking, Oslo som har høgast utdanningsnivå, og Innlandet som har det lågaste. Årsaka til at utdanningsnivået varierer, er i sin tur at arbeidsmarknaden i fylka spør etter ulikt nivå av kompetanse. Men fylka kan òg ha høgare eller lågare utdanningsnivå enn det arbeidsmarknaden tilseier, understrekar Kalstø:

– Flytting ser og ut til å forsterke skilnadene mellom fylka. I fylke med høg arbeidsløyse og høgt sjukefråvær er det også fleire som blir uføre, medan betre moglegheiter på arbeidsmarknaden gjer at færre blir uføre. Men skilnadene kan òg kome av ulikskapar i haldningar til uføretrygd blant saksbehandlarar, legar og søkjarar, seier ho.

Færre eldre

Andelen uføretrygda aukar også med alderen. Jo fleire eldre, jo fleire uføretrygda med andre ord. Fylka med færrast 50-69-åringar etter innbyggjartal i 2024 er difor ikkje overraskande Oslo, Vestland og Rogaland. Innlandet har flest innbyggjarar i denne aldersgruppa, tett følgt av Finnmark, Nordland, Telemark, Vestfold og Østfold, som alle har like stor del eldre.

Sidan 1996 har likevel andelen uføretrygda i aldersgruppa 65-67 år gått ned med 13,7 prosentpoeng. Dette heng saman med at fleire eldre tek imot arbeidsavklaringspengar (AAP) før dei går av med pensjon. For alle dei andre aldersgruppene har det vore ein auke, seier Åshild Male Kalstø:

– Over tid er det blitt færre eldre som tek imot helserelaterte ytingar. Det kan både tyde på at eldre har fått betre helse, men òg at det i dag er lettare å vera i arbeidslivet med redusert helse.

… og fleire unge

Delen unge uføre (18 til 29 år) har også auka med 1,3 prosentpoeng samanlikna med for ti år sidan. Oslo har klart lågast del med 1,4 prosent uføre i den unge befolkninga.

Åshild Male Kalstø forklarar noko av skilnaden med at fylke med store studiebyar som Oslo, Bergen og Tromsø har meir variasjon i arbeidsmarknaden og høg tilflytting av unge som ikkje er uføre. Om dei unge ikkje-uføre hadde blitt verande i heimfylka sine, ville delen uføre i heimfylka vore lågare.

Ho påpeiker samstundes at fylkesskilnaden i andelen unge uføre også er der når me ser bort frå flytting:

– Stadig fleire får innvilga uføretrygd når dei er 18 år, og det heng saman med ein auke av barn og unge med alvorlege psykiske lidingar. At det er mange nye uføre under 20 år, har slik sett stor innverknad på gruppa «unge uføre», som omfattar alle uføre under 30 år, seier Kalstø.

Dei som får innvilga uføretrygd når dei er 18–19 år, har ofte medfødde diagnosar som mellom anna psykisk utviklingshemming og autisme. Det er likevel skilnader mellom fylka:

– Oslo ligg lågast og Telemark høgast når det gjeldt delen 18-19-åringar som får uføretrygd. Det kan tyde på at det er geografisk variasjon i alvorlege lidingar, men òg at det er geografiske forskjellar i moglegheitene for å vere i arbeid for personar med slike lidingar.

Nye reglar

Den kraftige veksten i nye unge uføre kan òg ha samanheng med at perioden ein kan få mellombelse helserelaterte ytingar som AAP, har vorte kortare. Når dei unge ikkje lenger har rett på AAP, er det mange som går over på uføretrygd, forklarar Kalstø.

– AAP er den einaste statlege ytinga som unge som ikkje har vore i arbeid, kan ha rett på, men ytinga føreset at søkjaren er skadd eller sjuk. Likevel betyr ikkje auken nødvendigvis at helsa til dei unge er blitt dårlegare dei siste åra, seier Åshild Male Kalstø.

Fleire studiar viser nemleg at det er ein auka tendens til å sjukeleggjere det at unge fell ut av arbeid eller utdanning, og at unge med samansette problem blir sjukeleggjorde. I tillegg har me fått ein meir krevjande arbeidsmarknad:

– Arbeidslivet i dag stiller store krav til både kompetanse, sosiale ferdigheiter og effektivitet, og krava kan vere vanskelege å oppfylle for personar med helseutfordringar. Skuleprestasjonane til dei unge uføre har og vorte svakare over tid. Samstundes er det blitt færre ufaglærte jobbar og hardare konkurranse om dei jobbane som finst.

NAV ikkje bekymra

På spørsmål om dei fylkesvise skilnadene bekymrar NAV, og kva som eventuelt blir gjort for å redusere dei, svarar arbeids- og tenestedirektør i NAV, Sonja Skinnarland dette:

– Som nemnt i saka er det fleire naturlege forklaringar på kvifor uføredelen varierer mellom fylka. NAV er opptekne av å sikre likebehandling av uføresøknader på tvers av fylka. Om alt anna er likt, skal det ikkje ha noko å seie for utfallet av søknaden kva fylke du bur i.

– For NAV er det uansett eit mål at så mange som mogleg kan forsørgje seg sjølve gjennom arbeid. Me brukar dei verkemidla me har for å hjelpe folk på arbeidsmarknaden.

Uføre i kvart fylke

Prosentdel uføre innbyggjarar i dei aktuelle fylka i mai 2024.

  • Innlandet: 14,3
  • Agder: 14,2
  • Telemark: 14
  • Østfold: 14
  • Nordland: 13,2
  • Vestfold: 12,8
  • Finnmark: 11,8
  • Troms: 11
  • Trøndelag: 11,1
  • Buskerud: 11
  • Møre og Romsdal: 9,9
  • Rogaland: 8,9
  • Vestland: 8,9
  • Akershus: 7,7
  • Oslo: 6,3

Kjelde: NAV

Powered by Labrador CMS