nyhende

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Nær 70.000 fisk rømte frå oppdrettsanlegg i fjor

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB· Like under 70.000 fisk er rapportert å ha rømt frå norske oppdrettsanlegg i 2021. På det meste kom fisken seg så langt som ti mil unna.

70.000 er ein sterk auke frå 2020, då det vart meld om like over 43.000 rømte fisk. Det er likevel vesentleg færre enn i 2019, då nær 270.000 fisk vart registrert rømte, melder Intrafish.

– Generelt ser vi at eit fleirtal av hendingane skjer i samband med arbeidsoperasjonar, fortel seniorrådgivar Monika Haugland i kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet.

Den største hendinga var i Trøndelag i midten av august, då Salmonor melde inn at rundt 39.000 fisk rømte. Rundt 13.000 er tekne i gjenfangst, medan rundt 26.000 fisk framleis er på rømmen.

– Det var stor spreiing av fisk frå denne hendinga, og Fiskeridirektoratet fekk inn mange tips om fangstar heilt nord til Vefsn, fortel Haugland.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS