nyhende
Nær 4,5 millionar meir til Sveio
Regjeringa foreslår å auka løyvingane til kommunane og fylkeskommunane med fem milliardar kroner i år og fem milliardar neste år. For Sveio betyr dette tilleggsløyvingar på 4,489 millionar kroner i år og omtrent det same i 2025.
– Når det gjeld 2024, betyr dette at underskotet blir redusert, og me treng då ikkje bruka så mykje av disposisjonsfond for å dekka underskotet, kommenterer ordførar André Mundal Haukås (H) overfor Vestavind.
Han legg til at det er bra salderinga kjem no og ikkje i desember.
– Krevjande ordning
– Generelt er det bra at regjeringa har funne meir pengar til kommunane. Samstundes er det krevjande å styra ein kommune når me må basera oss på slike overraskingar mot slutten av året, seier sveioordføraren.
Han minner elles om at fem milliardar per år ikkje er nok til å dekka kommunane sitt reelle behov. KS har berekna dette behovet til 15 milliardar.
Leiaren i KS, Gunn Marit Helgesen meiner ekstraløyvingane er eit godt signal, sjølv om kommunane framleis vil stå overfor tøffe prioriteringar.
– Styrkar budsjettet
På kommunestyremøtet måndag kveld skal rådmann Jostein Førre presentera sitt forslag til kommunebudsjett for 2025. Han har dette å seia om ekstraløyvinga som regjeringa har foreslått for neste år:
– Det styrkar budsjettet i forhold til dei rammene me har hatt tidlegare. Beløpet vil nok i utgangspunket bidra til at me lettare når den vedtekne målsettinga for nettoresultat.
– Må gjerast varig
– Det er gledeleg med eit. nødvendig løft for 2024, men endå viktigare at pengane blir gjort varige, seier KS-leiaren i ei pressemelding.
Vestland fylkeskommune får 82,318 millionar meir å rutta med i år etter det forslaget som no ligg føre.
– Regjeringa vil bidra slik at kommunane kan halda fram med å yta gode tenester innan mellom anna skule, barnehagar og eldreomsorg, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) i samband med ekstraløyvingane.