NPK-NTB: Nesten 300 personar har søkt om erstatning etter skadar og dødsfall i samband med koronavaksinasjon. Over 1,1 millionar kroner er utbetalte så langt.
Av dei 46 sakene som er ferdig behandla, er det innvilga erstatning i 14 av dei, ifølgje Norsk pasienterstatning. Førebels er det til saman utbetalt i overkant av 1,1 millionar kroner.
Biverknadsskadane gjeld mellom anna betennelse i hjartet, blodpropp, kraftig hovudverk og utmatting, kløande utslett, mellombels lamming og allergisk reaksjon.
Fire av sakene som fekk medhald, gjeld VITT (vaksineindusert immun trombotisk trombocytopeni), som inneber at immunforsvaret i kroppen dannar blodproppar og låge blodplater. VITT er den biverknadsskaden som har ført til dei mest alvorlege skadane og dei største erstatningsbeløpa.
I to av dei fire sakene førte biverknadene til at personen døydde.
I 15 av sakene har søkjaren fått avslag fordi plagene mest sannsynleg ikkje kjem av vaksinen, at plagene er forbigåande eller at erstatningssøkjaren ikkje har lidd eit økonomisk tap.
17 saker er lagde bort fordi erstatningssøkjaren har trekt saka eller ikkje har gitt alle dei opplysningane NPE treng for å behandle saka.