nyhende

Nær 20 millionar i utbytte frå Haugaland Kraft

Sveio kan rekna med å få 19,7 millionar kroner i utbytte frå Haugaland Kraft for rekneskapsåret 2023.

Publisert Sist oppdatert

– Me har budsjettert med 17,5 millionar i utbytte frå Haugaland Kraft i år. Det er godt at resultatet blir endå litt betre. Om det hadde gått andre vegen, ville me nok ha merka det på eit elles stramt budsjett, seier ordførar André Mundal Haukås (H) i ein kommentar.

Det er generalforsamlinga som godkjenner den samla utbetalinga av utbytte. Haugaland Kraft skal ha generalforsamling 24. april, fortel styreleiar Petter Steen jr.

Føreseieleg

– Etter at me innførte den såkalla 60-prosentregelen, har utbetalingane av utbytte blitt meir føreseielege for eigarane, seier Steen jr. vidare.

60-prosentregelen går ut på at konsernet betalar eit utbytte som tilsvarar 60 prosent av gjennomsnittleg overskot dei siste tre åra. Dette er ein regel Haugalnad Kraft har kopiert frå Lyse Kraft, og som ifølge Steen jr. har fungert bra.

Haugaland Kraft fekk eit resultat etter skatt på 965 millionar kroner i fjor, mot 1,9 millionar kroner i 2022, går det fram av ei pressemelding som konsernleiinga har sendt ut. 669 millionar kroner av resultatet i 2023 kom frå kraftproduksjonsselskapet Sunnhordland Kraftlag, som Haugaland Kraft har aksjemajoriteten i. Nedgangen i resultat frå 2022 til 2023 blir forklart med lågare straumprisar.

Tilbake til lokalsamfunnet

I pressemeldinga blir det elles gjort merksam på at Haugaland Kraft tilbakeførte 1,4 milliardar kroner til lokalsamfunnet i fjor gjennom skatar på løn, eigedomsskatt, kjøp av varer og tenester, netto utbetalt løn og utbyte til eigarane. Kjøp av varer og tenester står for 490 millionar kroner, medan det blir foreslått å betala ut 501 millionar utbyte til eigarane, det vil seia kommunar og lokale kraftselskap. Sveio, som har ein eigardel på 3,91 prosent, vil då få 19,7 millionar kroner.Haugaland Kraft investerte for 919 millionr kroner i 2023, går det fram av ei pressemelding frå det lokale energiselskapet. Føremålet med rekordinvesteringa er å rusta samfunnet for ein grønare kvardag, heter det i pressemeldinga.

 – Behov for meir utbygging

– Framover blir det avgjerande at det blir lagt til rette for enklare og raskare utbygging av straumnettet og kraftproduksjonen, seier konsernsjef Pablo Barrera i ein kommentar.

Haugaland kraft opplever det som blir kalla ein formidabel auke i førespurnader knytte til kraftnettet. Samstundes har også eksisterande kundar behov for meir kraft.

Det nystarta dotterselskapet Endra sende sin første konsesjonssøknad om etablering av solkraftverk i 2023. Solparken er planlagt inne på deponiområdet til Haugaland Interkommunale Miljøverk (HIM) på Toraneset i Vindafjord. Konsesjonssøknaden er framleis til behandling.

Endra har som kjent også søkt om konsesjon for ein solkraftverk på Nese i Sveio. og førebur ein tilsvarande søknad for solkraftverk på Tjernagel.

Powered by Labrador CMS