nyhende
Nabovarsel om kulvert til Rophusvegen
Den komande gang- og sykkelvegen til Rophus er eit steg nærare å verta realisert. — Prosjekteringa er planlagt ferdigstilt våren 2023, seier byggeleiar Arvid Steinsland i Vestland fylkeskommune. Sjå korleis tiltakshavar ser for seg trygg skuleveg til bustadområdet.
I desse dagar vert nabovarsel sendt ut til dei påverka av bygginga, og til kommunen. Byggeleiaren for prosjektet understrekar at det er tidleg i prosessen.
— Oppstartsdato byggefase er førebels ikkje avklara, seier Arvid Steinsland, byggeleiar for prosjektet.
Mogelegvis i år
Vestland fylkeskommune er byggherre, men sjølve prosjekteringa blir gjort av selskapet Rambøll.
Steinsland seier det vil kome mykje ny veg.
— Det vert til saman 325 meter med gang- og sykkelveg, seier han.
Planen er å bygga ein kulvert som går under Fylkesveg 47. Men nøyaktig når den står ferdig er vanskeleg å vita.
— Prosjekteringa er planlagt ferdigstilt våren 2023, med atterhald om endringar i samband med godkjenning av konstruksjon og murar, seier Steinsland.
Han påpeikar at prosjektet skal innom mange einingar, noko som vil ta tid.
— For konstruksjon og mur er det sendt søknad til vegdirektoratet, der det er pårekna noko sakshandsamingstid før svar kjem, seier han.
Byggeleiaren fortel at det krevst sterke verkemiddel for å bygga kulverten.
— Det vert behov for sprenging på sørsida av Fylkesveg 47 i samband med tiltaket, seier Steinsland.
Etterlengta trygg skuleveg
Tidlegare har buande i området uttrykt stor frustrasjon rundt mangel på trygg skuleveg. Barn må dagleg kryssa Fylkesveg 47 i ei 60-sone, utan gangfelt eller noko anna tryggande.
I november i fjor vart leiar i Rophus Velforening, Øyvind Gjerde, intervjua om planane for området. Då var han tydeleg på kva som var viktigast for bebuarane.
— At det vert ein trygg over- eller undergang til busstoppet slik at ein kan ta seg over Fylkesveg 47 til bussen på ein trygg måte, sa Gjerde.
Han kunne også fortelja at fleire medlemmar av foreininga har sett skumle situasjonar kor fotgjengarar har måtta kryssa Fylkesveg 47 på eige ansvar.