nyhende

brann og redning utrykning

Nabo høyrde alarm og oppdaga røyk

Takka vera ein observant nabo som høyrde brannalarmen og som observerte røyk frå ein ventil, blei ein bustadbrann avverga i Eltravåg lørdag ettermiddag.

Publisert Sist oppdatert

Politiet fekk melding om brannen like over klokka 16. Ingen personar var heime då det byrja å brenna i huset.

Kunne gått frykteleg galt

– At naboen varsla var nok avgjerande for utfallet. Hadde me kome nokre minuttar seinare ville nok bygningen blitt overtent, opplyser utrykkingsleiar i Sveio, Bjarne Hetlesæter til Vestavind.

Haugaland brann og redning, IKS, rykka ut med mannskap både frå Sveio og Førde stasjon. Det blei også rekvirert tankbil frå Aksdal, men denne snudde då det etter kvart viste seg ikkje å vera naudsynt.

Opne flammar

Då brannvesenet kom til staden var det opne flammar i tilknyting til eldstaden i stova. Røykdykkarar tok seg inn og fekk slått ned flammane og klarte å sløkkja brannen.

Etterpå gjenstod ein del etterarbeid, brannmannskapa måtte blant anna forsikra seg om at det ikkje brann i bygningskonstruksjonen. Rundt klokka 17:30 kunne brannmannskapa avslutta oppdraget. Bustaden trengte då ein real utlufting. Politiet har oppretta sak på forholdet.

Powered by Labrador CMS