nyhende
Nå kostar det over 1.000 kroner å fylle full tank
Onsdag føremiddag steig prisen på diesel med seks kroner. — Folk er oppgitte, seier Emma Kinn på bensinstasjonen på Haukås.
26 kroner og 10 øre per liter. Smak på den. For det var prisen per liter for vanleg diesel hos Shell-stasjonen på Haukås ved 12-tida onsdag.
Har bilen din ein tak som tørsta etter 40 liter, vart prisen dermed 1.044 kroner (!).
— Prisen har stige med seks kroner sidan i morges, fortel Emma Kinn.
Folk er oppgitte
19-åringen går på salslinje på vidaregåande, og har no lærlingplass ved bensinstasjonen som foreldra driv på Haukås.
— Nesten alle som kommer innom snakker om drivstoffprisane. Dei er oppgitte, seier ho.
— Er det nokon som blir sinte?
— Dei blir i alle fall ikkje sinte på oss. Folk forstår jo at det ikkje er noko me lokalt kan noko for, seier Kinn.
Putin si skuld
Personen som drivstoffkundar bør vere sinte på heiter Vladimir Putin, og er president i Russland.
Prisane har stige kraftig etter at Russland invaderte Ukraina. Då prisen bikka 24 kroner tysdag, var det første gongen i historia.
Sidan Russland invaderte Ukraina har oljeprisen stige med rundt 30 dollar.
Og dyrare kan det bli. Oljeprisen kan nå 240 dollar fatet i sommar dersom vestlege land rullar ut omfattande sanksjonar mot russisk oljeeksport, meiner analyseselskapet Rystad.
– Volatiliteten i marknaden er på det høgaste nokosinne, og prisane stig raskt på grunn av forventningar om at tilbodet vil bli endå tynnare på grunn av restriktive sanksjonar på russisk energi frå Vesten, skriv leiar for oljemarknad i Rystad, Bjørnar Tonhaugen, i ei nyheitsmelding onsdag.
Største energikrise på 10 år
Han understrekar at dette ikkje er det mest sannsynlege scenarioet, men skriv at oljehandlarar, analytikarar og avgjerdstakarar må førebu seg på kraftig prisauke gitt dagens situasjon.
– Dette er den største energikrisa på tiår, og verknaden det vil ha på den viktigaste råvara i verda, kjem til å bli historisk, skriv Tonhaugen.
Ifølgje Rystad vil det bli eit hol på 4,3 millionar oljefat per dag i marknaden dersom fleire vestlege land følgjer USA og forbyr russisk olje.
– Dette kan ikkje erstattast enkelt av andre kjelder, skriv dei, og viser til at det vil ta tid før auka oljeprisar stimulerer til auka oljeaktivitet og tilsvarande auke i tilbodet.
Dei fryktar at ein kraftig auka oljepris kan føre til at den globale økonomien går inn i resesjon allereie i fjerde kvartal 2022.
Råkar ikkje softisen
Tilbake på Haukås merkar dei ikkje noko til at dei høge drivstoffprisane gjer at folk handlar mindre mat og andre kioskprodukter.
— Det går som før, både bollar, pølser og ikkje minst softisen, no som sesongen for den er i gong igjen, fortel ho.