nyhende

Jan Erik Kjerpeseth, konsernsjef i Sparebanken Vest. Foto: Eivind Senneset.
Jan Erik Kjerpeseth, konsernsjef i Sparebanken Vest.

Nå blir det ein bank mindre i Sunnhordland

Styra i Sparebanken Vest og Etne sparebank vedtok måndag ein plan for samanlåing av dei to bankane.

Publisert Sist oppdatert

Avtala, som regulerer hovudpremissa knytt til ein samanslåing, vart samrøysta vedtatt av styra i dei to bankane, heiter det i ei melding til Oslo Børs.

— Sparebanken Vest og Etne sparebank er i dag to sterke og lokalt forankra sparebankar, med ei rekke likheiter i profil, og med dels overlappande marknadsområde i Sunnhordland. Bankane har i det eit sterkt produktsamarbeid gjennom selskapa Frende, Brage og Norne. Samanslåinga vil skape meirverdi for kundar og lokalsamfunna i Etne og Vindafjord. Samanslåinga vil skape grunnlaget for ein langsiktig satsing i regionenm, til nytte for privatkundar og næringslivskundar, heiter det i meldinga.

Forvaltningskapital inkludert utlån for den samla banken, inkudert utlån overfært til Boligkreditt, vil vere på 240 milliardar kroner. Etne vil etter samanslåingen vere eit av 35 kontor i Sparebanken Vest.

— Ei god løysing

— For Etne Sparebank er ei samanslåing med Sparebanken Vest ei god løysing, fordi Sparebanken Vest tilbyr ei totalpakke som vil ivareta verdiane som er bygd opp i Etne, seier banksjef i Etne Sparebank, Rune Ramsvik:

– Sparebanken Vest kan tilby Etne Sparebank sine kundar ei komplett bankpakke. Sparebanken Vest har høg kundetilfredsheit, svært gode digitale løysingar og etablerte rutinar for å ivareta samfunnsfunksjonen gjennom gåvemidlar. Dette vil kome lokalsamfunnet i Etne og Vindafjord til gode. I tillegg vil noverande kundar i Etne få ta del i overskotet gjennom kundeutbytte på lån og innskot, seier han i ei pressemelding.

Etne-kontor består

Etter avtalen vil Sparebanken Vest vere overtakande bank og namnet på den samanslåtte banken vil vere Sparebanken Vest. Kontoret i Etne vil bestå, i det same bygget som før, medan hovudkontoret vil ligge i Bergen. Den nye eininga vil framleis ha ei sterk forankring som lokal sparebank, og bygge vidare på den solide posisjonen som Etne Sparebank har etablert i området.

Vederlaget for samanslåinga er satt til 320 millionar kronar. 80 prosent av oppgjeret vil skje gjennom ei utsteding av nye eigenkapitalbevis i Sparebanken Vest (SVEG), medan 20 prosent av vederlaget vil skje som kontantar.

– Vi ser fram til å ønske kundar og tilsette i Etne velkomne til oss. Samanslåinga viser at Sparebanken Vest er en attraktiv partner for framtidige samanslåingar i sparebanksektoren, seier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest.

Avtalen om samanslåing vil bli behandla i generalforsamlingane i bankane 23. mars. Avtalen er og betinga av nødvendige godkjenningar frå myndigheiter og kontraktspartar på akseptable vilkår.

Etter foreløpig tidsplan, er det planlagt gjennomføring av samanslåinga hausten 2022.

Powered by Labrador CMS