nyhende

Ferja ved kai. ARKIVFOTO
Ferja ved kai. ARKIVFOTO

Mykje vind – ferja ligg til kai

Det blæs sterk kuling frå nordvest langs kysten av Sveio onsdag kveld. Ferjesambandet Langevåg-Buavåg er innstilt.

Publisert Sist oppdatert

SISTE: Ferja går som normalt igjen frå 06.45 torsdag,

Frå og med avgangen klokka 14 onsdag har bilferja «Bømlafjord» ligge til kai i Langevåg grunna sterk vind, melder reiarlaget Fjord1. Der kan ferja bli liggande ei god stund.

Det er meldt sterk kuling langs kyste i Sveio kveld. Det bles stiv kuling frå nordvest, og meldt opp mot 32 sekundmeter vind i kasta, ifølge Metorologisk instiuttt.

Aukar på mot natta

Vinden aukar onsdag kveld, men vil løye til liten kuling utover torsdag morgon og føremiddag.

Temperaturen er venta å ligge mellom 0 og to grader, og det er venta litt nedbør som snø i løpet av kvelden.

Powered by Labrador CMS