nyhende
Mykje tareskog er forsvunne – no skal «syndaren» bort
Tareskogen langs norskekysten er den største i Europa. Men kråkebollar er i ferd med å snaueta han. Prosjektet Nomare skal bidra til at taren kjem tilbake og får betre levekår.
– Nesten ingen er klar over at dette har skjedd. Me tenker ofte at havet er stort, mektig og lite sårbart, men det som skjer under havoverflata, er det berre forskarar som snakkar om. Derfor har me ingen politikk, ingen prosjekt eller verkemiddel, seier Joakim Hauge, leiar for bio-programmet til Bellona og talsperson for samarbeidsprosjektet «Nomare», til Nynorsk pressekontor.
Under dei kalde og mektige bølgjene langs norskekysten har eit område som svarar til om lag all norsk utbygd jord blitt forvandla til kråkebolleørken. 5000 kvadratkilometer med tareskog har gått tapt sidan 70-talet.
Føremålet med Nomare-prosjektet er å restaurera «den blå regnskogen». Samarbeidspartnarane ønsker å få meir kunnskap om karbonlagring og dyreliv for å vekka politisk merksemd. Med dette håpar dei å bidra til ei storstilt restaurering av norsk tareskog innan 2030.
Trur på økonomisk vinning
– På land har me byrja å skjønna at det er lurt å verna myrar og skogsområde. Tareskogen er viktig både i eit klimaperspektiv og i eit biologisk mangfaldsperspektiv. Mellom anna fordi han bind store mengder co₂ og er viktig for fiskebestandane og forsking langs kysten.
Ifølgje forskarar frå Norsk institutt for vassforsking kan restaureringa føra til ein auke på 50.000 tonn fisk i året og 1,2 millionar tonn langtidslagring av co₂ årleg. 1 kvadratkilometer nord-atlantisk tareskog blir anslått å ha ein verdi på 77 millionar kroner.
Det store kråkebolleinntoget
Nedbeitinga av taren er det kråkebollar, også kalla sjøpiggsvin, som står for. Havforskingsinstituttet (HI) trur at den store førekomsten av kråkebollar kjem av overfiske på artar som steinbit og torsk. Desse er nemleg blant artane som særleg livnærer seg på kråkebollar.
Men med færre trugslar har eit heilt hopehav av kråkebollar kunna ta seg til rette langs kysten og invitert seg sjølve på eit heidundrande etegilde. Kråkebollane er altså så glade i tare at det har blitt eit problem.
– Det er lett å peika ut kråkebollen som skurken, men dei har eigentleg ikkje gjort noko anna enn å utnytta ein situasjon der alle dei som skulle ha ete dei ikkje er der. Og det er eit resultat av at me ikkje har greidd å forvalta økosystema godt nok, seier Hauge, og legg til:
– Me har ikkje noko imot kråkebollane. Det er berre blitt for mange av dei.
Ifølgje Havforskingsinstituttet er mykje undersjøisk skog gått tapt i Nordsjøen og Skagerrak. Utanfor kysten av Vestlandet og Midt-Noreg står det greitt til, men lengre nord står framleis store område nedbeita.
Må testa ulike strategiar
Å få bukt med bestanden av kråkebollar er inga enkel oppgåve.
– Me testar ut fleire ulike metodar. Framgangsmåtane er mellom anna å knusa dei, eller å hausta dei. Men éin ting er sikkert, me må prøva ut mange forskjellige teknologiar og tilnærmingar for å få bukt med dette problemet, seier Haugen.
Det er ikkje berre her til lands at sjøpiggsvina har snauete tareskogane. Utanfor kysten av California i USA har ein òg same problemet. Direktøren for ein lokal velgjerande organisasjon har sagt at «den kaliforniske kysten utan tareskog er som Amazonas utan tre».
Også Japan er eit eksempel på eit land som har hamna i same situasjon. Det er ikkje tilfeldig. Til liks med norskekysten har òg både Japan, vestkysten av USA og Sør-Amerika stor førekomst av tare. Men Japan er ein sjømatnasjon, og sjølv om nordmenn ikkje er framande for å eta kråkebollar, er dei piggete bollane meir populære i Asia enn her.
Kråkebolle – ei undervurdert delikatesse?
Det er ikkje uhøyrt å eta kråkebollar, og det er fleire område ein kan bruka dei på. I Noreg er dei ikkje så vanlege på matfatet som i ein del asiatiske land. Kråkebollar er òg vanleg å eta i Frankrike, Italia og på den italienske øya Sardinia.
– Dei er veldig næringsrike og inneheld omega-3 til liks med annan sjømat. Sjøpiggsvin er absolutt ideelle på matfatet, seier forskar Philip James i Nofima. Han seier at interesserte aktørar er villige til å betala mykje for desse produkta.
Fleire bruksområde
– Den enklaste måten å nå ut til marknaden på er å hausta ville kråkebollar og selja dei. Men me ser òg at aktørar allereie har byrja med rogn-auking.
For til liks med annan sjømat, må òg kråkebollen vera feit nok. Nofima-forskarar har utvikla eit eige fôr som aukar storleiken på rogna.
– Ein haustar vaksne individ, og oppbevarer dei i anlegg ein kort periode. Når dei et fôret, blir rognar feitare og kvaliteten betre.
– Rogna, eller gonaden, er den einaste delen ein kan eta. Mange kråkebollar har mykje rogn, men dessverre har ikkje dei som et opp tareskogen så mykje rogn. Rogna på dei må derfor bli større for å kunna brukast som mat.
– Veldig verdifullt emne
Fleire oppdrettarar no nyttar seg av dette, ifølgje James. Men utbytet stoppar ikkje på matbordet.
Ein kan til dømes bruka malne og turka kråkebollar som eit biostimulerande middel i gjødsel.
– Kråkebolle-biomasse er eit veldig verdifullt emne. Det er ikkje heilt som gjødsel, men me har gjort nokre forsøk, og det ser veldig lovande ut, seier Nofima-forskar Philip James.