nyhende

Det er berre å gleda seg over og nyta sol frå blå himmel. Foto: Ellen Marie Hagevik
Det er berre å gleda seg over og nyta sol frå blå himmel.

Mykje sol i vente dei kommande dagane

I dag er det vårjamndøgn, og offisielt vår. Vêret er også vårleg, om enn litt kjøleg, men det er i ferd med å enda seg fram mot helga.

Publisert Sist oppdatert

Heile Sør-Norge ser ut til å få fint vêr og påskestemning i helga. For Vestland og Rogaland er det meldt stigande temperatur frå fredag, og opp mot 15 grader laurdag og søndag enkelte stadar, særleg i indre strok.

Sola har vist seg mykje denne veka, og meir skal det bli. I Sveio ser dagen i dag og laurdag ut til å bli dei mest solrike. Fredag og søndag er det venta meir skya vêr, men også periodar med sol.

Stålande laurdag

Temperaturmessig blir det ned mot null grader natt til fredag, men temperaturen vil stiga til rundt 10 grader frå lunsjtider.

Laurdagen ser ut til å bli strålande med sol heile dagen. Det kunne nok blitt høgare temperatur enn rundt 10 grader, men aust-søraustleg vind opp i 16-19 m/s i kasta vil bidra til at det ikkje blir så mykje meir. Men finn deg ein lun plass og nyt at sola no varmar godt!

Søndag er det som sagt venta meir skyer, men også langt rolegare vindforhold enn laurdag. Og med seks grader om morgonen, rundt 13 grader på dagtid og 9 grader om kvelden blir det ein skikkeleg vårleg dag.

Grått, men lite vått neste veke

Vil finvêret vara? Det blir i alle fall lite regn den kommande veka om Yr får rett. Måndag ser ut til å bli den varmaste dagen i Sveio neste veke med rundt 10 grader på dagtid, og kanskje nokre solgløtt.

Seint måndag kveld, natt til tysdag og tysdag morgon kan det koma regn. Frå tysdag og fram til neste helg ser det ut til å bli ein skya vêrtype og lite håp om sol. Dagtemperturen er venta å ligga på 8-9 grader. Men det er ikkje så verst med tanke på at me framleis er i mars.

Powered by Labrador CMS