nyhende
Mykje snø og kaldt heile veka
Vêrvarslinga på Vestlandet varslar meir snø. Det er venta byger i dag, snøvêr heile tysdag og natt til onsdag, men også seinare i veka. Og det blir kaldt fram til laurdag.
– Snømengda vil variera ein god del, men me ser for oss at det vil koma mellom ti og 25 centimeter dei første dagane. Dette vil medføra vanskelege kjøreforhold, seier vakthavande meteorolog Stine Sagen.
Ho varslar også ein blanding av sol og snøbyger onsdag, og vidare snøbyger både torsdag og fredag.
Vinden kjem til å auka frå frisk bris til liten kuling utsette stader utover tysdagen.
Sjølv om meteorologen varslar kuldegrader dei næraste dagane, blir det ikkje så kaldt som det har vore i starten av det nye året, seier Sagen. Ho varslar dagtemperaturar på tre-fire minusgrader.