nyhende
Mykje smil og latter på danselag
Kvar måndag samlast fleire titalls frå ulike kommuner i Sveio med eit felles mål, å svinga seg rundt på dansegolvet. — Eg er 80 og følar meg som 20, seier aksdalbu Reidar Susort.
På auditoriumet hjå Vigdartun står det 27 danseklare vaksne i ein sirkel. Det vart meldt nokre fråfall grunna reise, men likevel fyller sirkelen heile rommet.
— Eg høyrde me var så få i dag, spøker instruktør Edith Odden.
Den første runden med latter for kvelden har byrja, men det vert ikkje den siste.
Bytedans
— Først skal me ta ein engelsk selskapsdans, seier Odden.
Medlemmane i Sveio danselag byrjar å øva inn stega, og to minutt seinare kjem musikken på. Danseentusiastane svingar seg rundt på golvet med kvarandre.
Til syne kjem også noko av danselaget sin filosofi, for etter kvar runde må dei dansande byte partnar. Det er ikkje tilfeldig.
— Erfaringa mi er at då lærar folk dansen mykje betre, og så er me sikra at alle får dansa, seier Odden.
Sveio danselag praktiserer såkalla bytedans, der alle må dansa med alle. Forutan filosofien som ligg i grunn, verkar det også å ha ein samlande positiv effekt. På dansegolvet kan ein sjå mang eit smil blant kvinner og menn i eit bredt aldersjikt.
Dans med eldgamle røter
Når songen tek slutt, forklarar Odden korleis dei kan betra seg. Ein medhjelpar les opp frå ein lapp ho har festa på brystet. Lappen fekk ho av eit medlem som var sjuk den dagen.
— Livet er kanskje ikkje alltid ein fest, men medan me er her, kan me like god dansa.
Sitatet er frå Jeanne C. Stein, ei amerikansk forfattarinne. Høgtlesinga gjev ein ny runde latter hjå medlemmane, før dei set i gong med nok ein runde dans.
Så er det dags for skotsk reel, ein dans med mykje snurring med røter tilbake til dei gamle keltarane.
Dei dannar to sirklar og går rundt i ring. Mennene klappar fjorten gonger før dei finn seg ein dame som møter handa deira. Så snurrar paret om kring kvarandre på forskjellige måtar.
Brekt fot ingen stans for dans
Snart har det vore 50 minutt med dans. Nøgde smil med varme kinn er synleg, og nokre menn kneppar opp skjortene sine.
— Ja, dykk skal kjenna at dykk har vore med, ler Odden, og får rungande latter tilbake.
Det vert ein runde til med dans. Sidan dei er ein mann for mykje, skal den som er åleine dansa med ei mogelegvis symbolsk erstatning av ei kvinne, nemleg ei krykkje.
Krykkja tilhøyrer eigentleg sveibuen Johannes Norman. Han brakk beinet for fire månadar sidan, men er likevel å sjå på dansegolvet.
— Det er ein slags terapi for foten, seier Norman.
Etter dansen med krykkja kjem det ein Rheinlander-dans.
Vrikkast for harde livet
Når dei er ferdige viser klokka at dei har ein time og ti minutt med dans bak seg. Andpustne og glade får dei beskjed om at det berre er ein dans til, og denne har litt meir moderne rytme i seg.
Utover auditoriet i Vigdartun kjem engelske frasar flygande «I got a boogie woman, she boogie all the time». Det vrikkast og svingast for harde livet.
Og så er det over.
— Eg håpar dykk vart varme, seier Odden til ein gjeng som har samla seg i ein sirkel.
Dei held kvarandre i hendene og ropar:
— TAKK FOR I KVELD!
Kaffikos
Etterpå kjem det ei gladmelding frå initiativtakar Oddmund Svartveit.
— No vert det kaffi og noko å bita i, seier han.
Svartveit er nøgd med korleis dansinga har slått an.
— Me veks heile tida. Folk kjem frå Bua, Bjoa, Ekrene og Valevåg. Det er eit kulturtiltak for befolkninga, og eit flott tilbod til sveibuene, seier han.
Møter Moster
Odden er einig med Svartveit og roser korleis sveibuar stiller opp. Ho har fleire tiår med erfaring innan dans, og fortel at bytedans fungerer bra.
— Eg har vore instruktør i folkedans og swing sidan eg var 35, og no er eg 74, så det er nokre år, seier Odden.
Ho var med å starta opp eit danselag på Moster for mange år sidan som framleis dansar. Nokre gonger samlast Sveio og Moster danselag, då vert dei over 50 stykker.
— Me får nok plass her, humrar Svartveit.
Får dansa mykje som pensjonist
Sveio danselag leiger lokalet gratis og er takksam for det. Og tilbodet er noko som gjer at folk kjem frå langt unna.
— Eg køyrer frå Tysvær kommune, men du kan kalla meg ein aksdalbu, seier Reidar Susort.
— Du verkar nøgd med kveldens dansing?
— Ja. Eg har vore aktiv heile livet, og no som pensjonist får eg dansa mykje. Eg vart nyleg 80, men følar meg som 20 år, ler Susort.
Eit forbilde
På eit langbord sit Johannes Norman og tar seg ein velfortent matbit. Han fekk eit eit hjerneslag for nokre år tilbake. Det har gjort at han må trena seg opp igjen fysisk. For tidlegare var han ivrig på dansegolvet.
— Eg likte gamaldans, særleg med kona mi når ho levde, seier Norman.
Difor gler han seg veldig til når beinet har grodd igjen. Dei rundt han er samde i at det er sprekt å møta til dans med krykkje.
— Du er eit forbilde, seier Odden om sveibuen.