nyhende
Mykje peikar i rett retning for Helse Fonna
Nedgang i talet på utskrivingsklare pasientar, ventetider, sjukmeldingar og underskot. Helse Fonna-styret fann mykje å gleda seg over i sist styremøte.
Det er framleis nedgang i ventetidene i Helse Fonna, og nedgangen ser ut til å halda fram også i tida framover. For alle fagområde er ventetida innanfor eller svært nær ventetidskravet, skriv Helse Fonna i ei pressemelding.
Systematisk og godt arbeid
– Dette er viktig og resultatet av systematisk og godt arbeid av både leiarar og tilsette i heile føretaket. Det er ein auke i ventetid på enkelte område, og det same gjeld fristbrot, og dette må følgjast tett opp vidare i samarbeid med fagmiljøa, seier administrerande direktør Anders Hovland i si oppsummering til styret.
Han gler seg ogsåover nedgang i utskrivingsklare pasientar i april, og her er det gjort eit viktig arbeid i kommunane for å sikre gode pasientforløp. Samstundes viser tal at det er høg beleggsprosent og tal på korridorpasientar, og denne utviklinga må også følgjast vidare.
Drifta i pluss
Det økonomiske resultatet syner vidare nedgang i det negative avviket mot budsjett. For april er det 3,9 millionar kroner.
– Dette er positivt og viktig. Det er gjort eit stort arbeid i alle delar av organisasjonen for å få til dette til. For april er ein vesentleg del av kostnadene knytt til behandling i nasjonale tilbod, medan drifta elles syner positiv balanse, seier Hovland.
Administrerande direktør peikar til slutt på ein gledeleg nedgang i sjukefråværet dei siste månadene, sjølv om nivået framleis er høgt.
– Går i rett retning
Fleire i styret uttrykte på styremøtet at dei er svært nøgde med utviklinga i føretaket. Styreleiar Petter Steen jr. oppsummerer slik:
– Veldig kjekt, og det går i rett retning. Det er svært gledeleg at me no nærmar oss eit 0-resultat, seier styreleiaren, og fortel at dette vil gje betre evne til investeringar i bygg framover.
– Me må sikra oss at me kjem tilbake til å ha eit overskot i drifta, slik at me kan finansiera naudsynte investeringar ved alle dei fire sjukehusa våre. Me skal fullføra byggjetrinn 2 i Haugesund, og me skal rusta opp den viktige tryggleiksavdelinga ved Valen sjukehus. Også på Stord og i Odda er det nødvendig med store investeringar. No er med vonleg på veg mot eit trygt økonomisk fundament, seier Steen.