nyhende

Hans Günther Bonenberger
Hans Gunther Bonenberger viser fram si nye diktsamling.

Musikk og dikt i Bua

Sveio folkebibliotek held litteraturarrangement rundt om i bygdene som del av eit prosjekt. Torsdag vert det musikk og dikt frå Hans Gunther Bonenberger på Sjøhuset i Buavåg.

Publisert Sist oppdatert

— Me har invitert Hans Gunther Bonenberger til å lesa frå si andre diktsamling, seier Kristine Thorkildsen.

Som sjef for Sveio folkebibliotek er ho glad for å kunne setja opp nok eit arrangement i prosjektet som heiter «litteratur i gamle hus». Sjølv har dei kalla det for «Dikt og Kaffigodt».

— Det skal vera i gamle hus. Det er ein viktig del av prosjektet, seier Thorkildsen.

Samarbeid

Difor har dei samarbeida med Sveio Gullforeining om å bruka Sjøhuset i Buavåg.
På torsdag 11. mai skal Bonenberger få både lesa og spela musikk, og Thorkildsen håpar folk tek turen.

Ho er glad for at prosjektet gjev dei mogelegheit til å bringa litteraturen rundt i bygdene.

— Me håpar det å reisa rundt i kommunen gjer at dei i nabolaget kan kome og rusla bort, seier Thorkildsen.

Valenheimen neste

Totalt skal dei ha ni arrangement i prosjektet som strekk seg over to år. Biblioteket har fått 50.000 kroner frå Nasjonalbiblioteket i stønad. Kvar gong vil det vera i eit eldre hus utanfor biblioteket, og gjerne med ein sveibu som gjest.

— Me er veldig glade for å arrangera noko med lokale folk, seier Thorkildsen.

Neste arrangement vert til hausten lengre nord i kommunen.

— Då skal me til Valenheimen og snakka om rosene der, seier ho.

Powered by Labrador CMS