nyhende
Møtet i formannskapet på måndag blir digitalt
Om ein vil vera med som publikum er det moglegheit for det, men då må ein først ta kontakt med kommunen på e-post.
Grunna regjeringa sine smitteverntiltak og -anbefalingar blir møtet med dei sju politikarane blir halde digitalt på plattforma Teams. Her er ei øvre grense for tal deltakarar, og for å vera på den sikre sida, vil politisk sekretær Bjarte Stølås Storli senda ut lenke til dei som ønskjer å ta del i møtet på e-post, les meir om dette på Sveio kommune.
Møtet tar til klokka 17.00 måndag 8. februar. Mange er nok spente på saksbehandlinga, og kanskje spesielt den som omhandlar sal av kommunale bygg og eigedomar. Då er det viktig å merka seg at det er eit rikt program før politikarane begynner på sakene. Merk at tidsbruken kun er estimert:
Orienteringar
- Sunnhordland interkommunale miljøverk IKS (SIM) v/Ole J. Støle – informasjon om drift m.m. Ca. 15 min.
- Statens vegvesen v/Henry A. Damman – status for arbeidet med E39. Ca. 15 min.
- Rogaland fylkeskommune v/Bernt Østnor og Helge Ytreland og Vestland fylkeskommune v/Torgersen og Eva Sundal – ny bompengepakke for Haugalandet. Ca. 25 min.
Arbeid i ulike utval
I tillegg vil kommunale representantar i eksterne styre, representantskap og liknande informera om arbeidet i utvala og eventuelle saker som er av særskild interesse for kommunen. Dei får om lag 5 minutt kvar:
- Friluftsrådet Vest
- Haugaland kontrollutvalgssekretariat
- Haugaland Kraft
- Karmsund havn / Hamnerådet
- Ryvarden kulturfyr
- SIM
- Sveio golfpark
- Sveio kyrkjelege fellesråd
- Vestavind
Kva klokka er då saksbehandlinga tar til er altså uvisst:
Sakslista
- 001/21 Godkjenning av innkalling og protokoll
- 002/21 Referat og meldingar
- 003/21 Orienteringar
- 004/21 Budsjettprosessen 2021, budsjett 2022
- 005/21 Kommunal formuesskatt – Sats
- 006/21 Økonomisk handlingsrom i Sveio kommune
- 007/21 Avgift på produksjon av fisk – Administrativ høyringsfråsegn
- 008/21 Debatthefte 2021 009/21 Eldrerådet – Årsmelding 2020
- 010/21 Framdriftsplan for sak om framtidig organisering av barnevern
- 011/21 Kommunale bygningar og eigedommar
- 012/21 Utarbeiding av ny strategisk næringsplan for Sveio kommune 2022–2027
- 013/21 Utgreiing av framtidig fylkestilhøyrsle
- 014/21 Utøving av forkjøpsrett til aksjar i Haugaland Kraft AS
- 015/21 Ny avtale om vatn frå Haugesund kommune
- 016/21 Organisering av arbeidet med arealdelen til kommuneplanen for Sveio kommune
Representantane
Dei som møter fast i formannskapet er Linn Therese Erve (Ap), Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (FrP), Rune Teikari (FrP), Håkon Johnsen Skimmeland (Ap), Monica Vandaskog Valen (Sp), Lars Einar Hollund (H) og Jarle Jacobsen (KrF).