nyhende

Elisabeth Nordeide Stølås trivst godt som ny leiar for SFO.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Elisabeth Nordeide Stølås trivst godt som ny leiar for SFO.

Møt den nye SFO-leiaren i Sveio

Ho synast jobben som SFO-leiar i Sveio verka spennande, då ho fekk jobba både på kontor og ute saman med borna. — Det var viktig for meg at eg også skulle vere med borna, seier nytilsette Elisabeth Nordeide Stølås.

Publisert Sist oppdatert

— Vil du ha kaffi?

Me sit i tilsettkantina i hovudbygget ved Sveio skule, litt unna der Elisabeth Nordeide Stølås jobbar som ny leiar for SFO i Sveio.

Det har gått ein månad sidan ho først byrja i stillinga, og ho trivst godt.

— Det går veldig fint så langt, jobben er kjekk og spennende, og det er veldig flinke folk eg jobbar med, seier Stølås.

Sveio-slekt

Kantina er dekorert av klasar med ballongar og nokre plakatar som forsøker å verve spelarar til eit innebandylag.

— Det var feiring her på måndag, seier ho.

Sjølv om ho kjem opprinneleg frå Haugesund, har ho vore sveibu lenge. Ho flytta hit for 16 år sidan.

Stølås har slekt i Sveio, er gift med ein frå Auklandshamn og bur i nærleiken av golfbanen. Ho er utdanna førskolelærar og vidareutdanna i spesialpedagogikk. Før ho byrja som SFO leiar var ho spesialpedagog for Haugesund kommune.

— Det er greit å slippe rushtrafikken, men det var ein veldig kjekk jobb det også, seier Stølås.

— Kvifor søkte du på jobben som SFO leiar?

— Det virka som ein spennande jobb utifrå annonsa. Det er ein todelt stilling der ein gjer det administrative rundt SFO, men også får vere med borna. Det var viktig for meg, seier ho.

— Kva gjer ein leiar for SFO?

— Alt det administrative som har med SFO å gjere, mellom anna fagutvikling, personalansvar, opptak og fakturering. I tillegg til at eg er på SFO kvar dag, seier Stølås.

Frileik

Ho er glad for at så mykje av jobben handlar om å vere tilstede for borna. Ein del av stillinga er lagt opp slik at ho følgjer førsteklassingane i overgangen frå skuledag til SFO.

— Jobben er jo å lage ein god dag for borna som er på SFO, seier Stølås

— SFO er fritid for borna, med god rom for leik og medverknad. Me organiserer aktivitetar, men frileiken står sterkt for oss, seier ho.

Stølås beskriv det som målet med SFO. Dei jobbar for at alle born som går der har det bra og er del av eit fellesskap.

— Vi legg til rette for at det vert gode stundar med andre born, seier ho.

Powered by Labrador CMS