nyhende
Mose frå nabolaget vart designperle
Tatsiana Kozel (25) har dekorert stueveggen sin med flotte mosebilde. Mosen henta ho i naturen heime på Ekrene
— Det er vårt vindauge mot naturen, seier Tatsiana Kozel.
Ho og sambuaren har budd i eit av dei nye murhusa på toppen av Ekrene-feltet i om lag tre år. Ho fortel at dei i byrjinga stort sett berre hadde kvite vegger, og med mykje dagslys inn frå dei store vindauga gjekk dei litt leie av det sterile inntrykket. Inspirert på kjøpesenter Då ho skulle på shopping på Oasen storsenter la ho merke til noko som straks vart ein kjelde til inspirasjon.
— I publikumsarealet hadde dei store veggdekorasjonar med mose, fortel ho. Då ho kom heim att byrja ho å søke på nettet for å finne meir informasjon om mosebilde.
— Då kom eg til nettstader som selde bilete for opp mot 20.000 kroner, fortel ho. Etter kvart fann ho dessutan ut at mange av dei profesjonelle mosebilda også vart behandla med kjemikaliar for å fremje farger. Då var ho ikkje så imponert lenger. Men tanken på mosebilda slo ho ikkje frå seg. Og ho tenkte at det måtte gå an å lage noko liknande sjølv, og utan å bruke så mykje kjemikaliar.
Tur i nabolaget
Tatsiana tok på seg tursko og pakka plastposar i lommen. Så gjekk ho til dei nærmaste berga på Ekrene og samle saman mose.
— Eg tørka moseflaka eg fann. Så limte eg mosen på tynne plater av tre. Mannen min lagde rammene av restmateriale frå husbygginga. Så malte eg rammene, og så var eg ferdig, fortel ho. Resultatet vart tre flotte bilde med mose. Srayar med vatn Ho fortel at ho sprayar mosen ein gong i månaden med vatn.
— Eg har også merka at den trekker fuktigheit ut av lufta i huset, fortel ho.
25-åringen er godt nøgd med resultatet, som no har hengt på veggen eit par år.
— Tenk at eg har fått same farge på veggen som naturen rundt her me bur har, smiler ho.
Utgiftene til det som står fram som det viktigaste design-interiøret i stua var også langt rimelegare enn om ho skulle kjøpt tilsvarande frå ein butikk.
— Kva kostar det for ei bøtte med lim? 100 kroner? Og så må du ha litt treverk til rammene. Eg har vel brukt eit par hundrelappar – og litt av tida mi, seier ho.
Tips til barnehagar
Ho anbefaler fleire å prøve å lage det same.
— Ein kan bruke mose med forskjellige fargar til å forme motiv som ein vil. Eg trur også det kunne vore ein fin aktivitet for barn i barnehagar å prøve seg ut på, seier ho.
25-åringen, som for mange både i Sveio, Haugesund og i Fitjar er kjent som danseinstruktør, liker å lage interiørartiklar sjølv. Ho har mellom anna brukt flytande sement til å lage både lysestakar og blomsterpotter.
— Eg er nok litt kreativ av natur, ja, smilar ho.