nyhende

Politiet stoppa 21 førarar under kontrollen. FOTO: ELLEN MARIE HAGEVIK
Politiet stoppa 21 førarar under kontrollen.

Morgonkontroll på Tittelsnesvegen

Tysdag morgon hadde politiet promillekontroll på Tittelsnesvegen i nærleiken av Bjellandsmyrane.

Publisert Sist oppdatert

Redaktøren i Vestavind var ein av dei som blei stoppa. Først vart førarkortet sjekka, så var det å blåsa til apparatet sa klikk. Før det vart bilete sikra medan redaktøren venta på tur i blåsekøen.

Sør-Vest politidistrikt twitra om fleire promillekontrollar i distriktet på morgonkvisten, mellom anna i Sandnes og Stavanger. Men kontrollen i Sveio var ikkje å finna nokon stadar, verken på Twitter eller i politiloggen.

Eit aldri så lite mysterium som operasjonsleiar Jostein Reiestad i Stavanger ikkje kunne la vera uløyst. Han ba om å få ringa tilbake, og sette i gong med å leita etter kven som kunne ha vore på oppdrag på Fv. 47 i Sveio. Ikkje så lenge etter klokka 13.00 kom løysinga:

— No har eg funne svaret. Kontrollen pågjekk mellom klokka 08.00 og 08.30. 21 førarar blei stoppa, og det var ingen utslag, kunne Reiestad opplysa.

Powered by Labrador CMS