nyhende

Monica Vandaskog Valen (Sp).ARKIVFOTO: PRIVAT
Monica Vandaskog Valen (Sp).

Monica (39) vil bli ordførar

Ho var nær ved å bli ordførar i Sveio etter sist val, noko politiske krumspring på overtid sette ein stoppar for. Men det skremte ikkje Monica Vandaskog Valen frå lokalpolitikken. Tvert om. 39-åringen er klar for å ta over ordførarkjeet neste haust.

Publisert Sist oppdatert

Sp-lista

Sveio Senterparti si nominasjonsliste til kommunevalet i 2023:

  1. Monica Vandaskog Valen, Valestrand
  2. Arne Valen, Lid
  3. Vidar Høyland, Valestrand
  4. Susanne Dahle Førde, Førde
  5. Bente Hegna Gravelsæter, Valestrand
  6. Ole-Andreas Båsund-Ljøen, Auklandhamn
  7. Tor Inge Flåten, Førde
  8. Kristian Eilerås, Lid
  9. Endre Hetlesæther, Førde
  10. Bjarne Andreas Mjånes Helvik, Valestrand
  11. Anlaug Fludal, Sveio
  12. Ole Mikal Lokna, Bua
  13. Henrik Blytt, Valestrand
  14. Svein Bjarne Lien, Auklandshamn
  15. Hege Hobberstad Vigre, Lid

Sveio Sp har nyleg hatt sitt nominasjonsmøte – og det med ein ny vri. For denne gongen har dei nominert og kumulert ordførarkandidat. Det blir Monica Valen Vandaskog frå Valevåg. Dermed blir ho ein truleg ein av dei argaste utfordrande til sittande ordførar Linn Therese Erve (Ap) i kampen om toppvervet i Sveio-politikken frå neste haust.

— Det er givande og kjekt å jobbe for lokalpolitikk i samfunnet ein sjølv bur i, seier ho.

Nytt brakval?

Senterpartiet gjorde eit brakval i 2019, og auka frå tre til fem kommunestyre-representantar. I dagane etter valet låg det også an til at Sp og Høgre skulle få fleirtal, og nettopp Monica Valen Vandaskog blei presentert som kommunens nye ordførar.

Men utsikta til å bli ordførar varte berre fram til to kandidatar frå Høgre på overtid meldte seg ut av sitt parti, og gav si støtte til det som vart eit Ap/Frp-fleirtal i kommunestyret, og som gjorde at Linn Therese Erve (Ap) kunne snappe ordførarkjeet framfor nasen på Valen.

Fleire enn fem?

Valen seier at Sveio Sp har som mål å gjere det betre enn sist i valet som kjem.

— Men nasjonalt går det ikkje så bra med regjeringspartiet Sp?

— Nei, men med tanke på korleis verda ser ut i dag, trur eg dei fleste parti hadde hatt utfordringar i regjering. Samstundes skal det seies at eg ikkje er samd i alt Sp har gjort sentralt. Men det er det lite me her i Sveio får gjort noko med. Med må tenkje mest på kva me kan gjere lokalt, understrekar ho.

39-åringen jobbar til dagleg som prosjektleiar i Stord kommune.

Om ho ikkje blir ordførar er ho budd på å gjere ein jobb i det som blir hennar andre periode i Sveio kommunestyre.

— Og jobbe for at Sveio skal vere ein god kommune å bu i, med gode ytingar til innbyggjarane, seier ho.

Vil behalde skulestrukturen

Skulestruktur har vore eit heitt tema i Sveio dei siste åra, og Valen er budd på at temaet kjem opp i den komande valkampen.

— Det vil nok garantert kome opp som tema igjen, og me kjem nok til å få spørsmål om det. Og me i Sp ønskjer å behalde dagens skulestruktur, seier ho.

— Kva andre saker er viktige for deg?

— At me får etablert fleire næringsområde og arbeidsplassar i kommunen. Sveio har ei gunstig og sentral plassering langs E39-aksen i så måte, seier ho.

Ho legg til at helse også er eit viktig tema for ho, og det å syte for at heile kommunen får på plass breiband.

Ingen frå Vikse

Sveio Sp si liste tel førebels 15 personar. Leiar i nominasjonsnemnda, Dagfinn Bjørge, er nøgd med at lista, etter hans meining, har fått ei fin breidde når det kjem både til geografi og kjønn.

— Me har nominerte frå nesten alle delar Sveio. Men med unntak frå Vikse, og det er beklageleg. Me har prøvd å få folk derfrå med, men ikkje lukkast med det, seier han.

Han legger til at lista vil vere open for nye namn ut januar.

— Dei som kjem til seinare vil eventuelt få plass frå nummer 16 og bakover, seier han.

Bjørge er sjølve ein av tre frå dagens kommunestyregruppe som har takka nei til attval. Dei to andre er Ole Velde og Andreas Sirevaag.

Powered by Labrador CMS