nyhende
Val til Stortinget og Sametinget 2021:
Mogleg å tidlegrøysta
13. september er det stortings- og sametingsval. For dei som ikkje kan bruka stemma si denne dagen, er det mogleg å tidlegrøysta eller førehandsrøysta. Tidlegrøysting er eit tilbod til dei som ikkje kan røysta under den ordinære førehandsrøysteperioden, eller på sjølve valdagen, opplyser Sveio kommune. Tidlegrøystingsperioden er ope til 9. august, og ein møter på Servicekontoret på kommunehuset for å nytta tilbodet. Hugs legitimasjon.
Førehandsrøystinga er mellom 10. august og 10. september, og ein kan stemma i kommunar kvar som helst i landet. Dersom ein røyster på førehand i ein annan kommune enn heimkommunen din, vil røysta automatisk bli send til heimkommunen. I Sveio er vil det riggast til førehandsrøysting på kommunehuset og soknehuset, med varierande opningstider.
Les meir på Sveio kommune.