nyhende

Fleire prosjekt i Sveio har fått støtte frå fylkeskommunen dei siste åra. Løa til Bentahuset på Mølstre blei ferdig i haust, og er eit døme på prosjekt som har fått stønad. Merk at bildet er to år gammalt.
Fleire prosjekt i Sveio har fått støtte frå fylkeskommunen dei siste åra. Løa til Bentahuset på Mølstre blei ferdig i haust, og er eit døme på prosjekt som har fått stønad. Merk at bildet er to år gammalt.

Mogleg å søkja tilskot for dei som eig kulturminne

Du kan få støtte til mange verdifulle skattar som freda bygg, anlegg og fartøy, kulturminne og ikkje-kyrkjelege bygg frå middelalderen.

Publisert Sist oppdatert

Tilskota skal i hovudsak gå til å restaurera og setja i stand freda og verneverdige kulturminne. Stortinget overførte med regionreforma fleire oppgåver på kulturminnefeltet frå Riksantikvaren til fylkeskommunane.

– Vestland fylkeskommune har god oversikt over regionale og nasjonale kulturminne i fylket. Me har tett kontakt med både kommunar og private eigarar, noko som gjera at me kan sjå tilskotsordningane i samanheng. Eg trur me vil sjå god effekt av at det no er fylkeskommunen som forvaltar og fordeler desse tilskota, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering.

Tilskot er viktig verkemiddel

Tilskotsordningar er ein viktig del av arbeidet og eit sentralt verkemiddel for å faktisk kunne halda kulturminna ved like for framtida. Fylkesdirektør Per Morten Ekerhovd håpar og trur på mange og gode søknadar til tilskotsordningane som fylkeskommune no lyser ut.

– På denne måten kan me sikra at me får sett i stand og halda ved like eit stort mangfald verdifulle kulturminne i Vestland, seier han.

Du kan lesa meir om tilskotsordningar på Vestland fylkeskommune.

Powered by Labrador CMS