Slik kan det sjå ut når formannskapet har møte – med koronaavstand. Representantar frå Sveio ungdomsråd pleier også å møte. Bildet er tatt i november 2020.FOTO: Irene Flatnes Haldin
Mogleg å snakka direkte til politikarane
Er du opprørt over noko som skjer i samfunnet, eller berre glad for noko som har blitt gjort? Siste dagen i mai har sveibuen moglegheit til å seia det dei har på hjarta framfor leiande politikarar i Sveio.
Måndag 31. mai er det møte i formannskapet, då er det sett av tid til at innbyggjarar kan få halda innlegg. Sveio kommune opplyser om at dette er første gongen «innbyggjars halvtime» blir halde.Det var då formannskapet hadde møte måndag 26. oktober i fjor idéen blei spelt ut frå Ruth G. Østebøvik Eriksen, i samband med fastsetjing av møteplan for 2021.– Skal me få det lagt det inn i møteplanen, og sjå om det er interesse? Me kan få spørsmål, og me vil heilt sikkert få høyra om me gjer ting feil, sa Eriksen med eit smil den gongen.
Send inn på førehand
Om ein har noko å leggja fram for politikarane, er altså måndag 31. mai dagen, men ein må melda frå på førehand – ei kort, skriftleg oppsummering av saka må sendast til politisk sekretær innan onsdag 26. mai.
Med mindre noko endrar seg i smittesituasjonen, skal møtet haldast med oppmøte på kommunehuset.
I følgje kommunen kan innlegga maksimum vera i fem minutt, og innlegga kan ikkje gjelda saker som er til klagebehandling. Ordføraren vil gå gjennom alle dei innkomne innspela, og velja ut fem til seks personar som får halda innlegg for formannskapet. Alle vil få beskjed om dei blir valde ut eller ikkje.

Desse politikarane møter i formannskapet:
Linn Therese Erve, Ap
Ruth Grethe Østebøvik Eriksen, FrP
Rune Teikari, FrP
Håkon Johnsen Skimmeland, Ap
Monica Vandaskog Valen, Sp
Lars Einar Hollund, H
Jarle Jacobsen, KrF