nyhende
– Mogelegvis mi siste bok
Jan Rabben er eit namn kjend for mange opptekne av natur og bøker. Siste verk er laga innanfor 200 meters omkrins frå huset på Stord. Det har han brygga på heilt sidan tusenårsskiftet.
Nok ein bok har vore forfatta av Jan Rabben, naturfotografen som bur på Stord, men er godt kjend i heile nærområdet. Denne gong vert det bok nummer 13, nokre gonger omtalt som det uheldige talet.
– Det kan godt vera det vert min siste bok, seier Rabben over telefon på biltur til Oslo.
– Kvifor det?
– Det er fleire grunnar. Det vert dyrare å trykka, folk er mindre interessert i fysiske bøker, eg vert ikkje yngre med åra, og ikkje minst at eg ikkje har fleire idear for tida, svarar han.
Eit produkt av pandemien
Den siste boka har han teknisk sett brygga på sidan tusenårsskiftet, sjølv om det først tok form som ein konkret ide under pandemien.
– Me flytta dit me bur no i år 2000, og bur om lag ein halv kilometer frå næraste nabo. Det er mykje forskjelleg natur i umiddelbar nærleik, og sidan den gong har eg samla materiale ved å ta bilete av naturen rundt huset, seier Rabben.
Då han vart sitjande heime grunna pandemien så byrja dei lause bitane å falla på plass.
– Under pandemien skulle jo alle vera heime og ta heimekontor. Då hadde eg heimekontor langt unna dei fleste, og det var då ideen byrja å ta form, seier han.
Han har ikkje målt med meterstokk, men størsteparten av bileta er frå 100 meter rundt huset deira. Totalt sett er boka laga innan 200 meters radius frå kaffimaskina. Difor har tittelen ikkje overraskande vorte «Fuglar og dyr rundt huset i skogen». Og bileta reflekterer naturen på ærleg vis.
– Ein får sjå dyr slik dei er, til dømes når dei har fanga noko mat, seier Rabben.
Held presentasjon i Sveio
Forutan lokal flora og fauna har han snike inn nokre bilete av det han har meir kjært enn naturen, nemleg barnebarna sine. Det er nokre av dei han er på køyretur til Oslo for å besøkja.
– Eg har to gutar i Oslo og eit barnebarn i Bergen, seier Rabben.
Å reisa til Bergen eller Oslo er berre kjekt, for det gjev ein kontrast til heimen sin djupt inne i skogen på Stord. Det å bu på same stad djupt i ein skog i over 23 år gjer han ikkje nødvendigvis til ekspert på naturen, men han kan sjå endringar.
– Ein fugleart det var mykje av i byrjinga er nesten vekke. Eg veit ikkje om det skuldast klimaendringar eller kva, men synd er det, seier Rabben.
Det vart ikkje nokre bilete frå Sveio denne gangen, men sveibuar skal få mogelegheita til å sjå bileta med eigne auge i november. Torsdag den 30. skal han nytta lyskanon og visa dei fram hjå bokhandlaren, kor han også vil fortelja om boka.