Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
– Mitt beste Sveio-minne var då me opna leikebutikken
Åse Katla er vekas «Hei, sveibu».
– Eg strikkar, les bøker og jobbar i leikebutikken på Sveio senter.
– Kva gjer du til dagleg?– Kva er det beste med å vera sveibu?
– At me har det meste me treng.
– Er det noko du saknar i Sveio?
– Eg saknar betre bussforbindelsar.
– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Mitt beste Sveio-minne var då me opna leikebutikken og fekk besøk av Anna, Elsa og Olaf frå filmen Frost. Dei skapte ei magisk oppleving for dei små.
– Kven i Sveio vil du framsnakka og kvifor?
– Lillian Rommetveit. Ho har gjort mykje for Sveio idrettslag, og ho er ei triveleg dame.