nyhende
Mistanke om at brannen vart påsett
Mellom 70 til 80 kvadratmeter er svidd av etter torsdagens grasbrann i Auklandshamn. Politiet trur brannen kan ha vorte påsett.
— Me har eit vitne som såg to ungdomar som sprang frå staden, seier Britt Jorunn Løvereide, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.
Torsdag kveld rykte politi og brannvesen ut til ei melding om grasbrann i Auklandshamn.
Brannen byrja ein stad mellom skulen og Filadelfia-bygget.
Politiet trur grasbrannen kan ha vorte påsett.
— Det er gjort funn av fyrstikker som ligg der, seier Løvereide.
Ingen bygg vart skadd av brannen grunna rask respons frå brannvesenet.
— Det er cirka 70 til 80 kvadratmeter som har brunne opp, seier ho.
Politiet har ei meining om kven det kan vera som har påsett grasbrannen.
— Me har fått namn på to ungdomar som vil verta følgt opp i ettertid, berre for å ha ei samtale med dei, seier Løvereide.