nyhende
Mista førarkortet etter kontroll
Politiet heldt kontroll langs E39 tysdag kveld.
Tysdag kveld heldt politiet ein kontroll på E39.
— Me hadde ein trafikk-kontroll i går kveld ved Førde skule, seier Håkon Tornes, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.
Der sat dei og målte fart med laser, noko som førte til at fleire vart stansa.
— Det vart seks forenkla førelegg. Og ein sjåfør som blei målt til 88 kilometer i timen. Der vart førarkortet beslaglagt og sjåføren meldt til politiet, seier Tornes.