Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Leiken som enda fatalt
Mista eldsteguten i straumulukke
Du får ikkje noko meir brutalt i livet enn å mista ditt eige barn. På føremiddagen 9. oktober 1972 opplevde Karen og Henry Larsen nettopp det. Eldste son deira, Nils Magne, skulle berre ut å testa modellflyet sitt då han fekk livsfarleg høgspenning gjennom seg og døydde momentant.
Det er snart 50 år sidan Nils Magne Larsen brått blei riven bort i ei tragisk ulukke. Denne sommaren hadde han fylt 13 år, han var tenåring, og eitt hakk nærmare vaksenalder. Han skulle hatt livet framfor seg.
Ulukka
Det er første dagen i haustferien. Hos familien Larsen i Sveio sentrum har pappa Henry dratt på jobb på Alnor som vanleg. Alle borna, så nær som Rune (10), er ute og leikar. Inne i huset går mor Karen og syslar med sitt då inngangsdøra brått blir riven opp og Harald Emil, den nest eldste sonen hennar, ropar av full hals: – «Nils Magne brenn, han ligg på andre sida av gjerdet! Ho Henny Karin sit på ein stein og passar på han!»
Glideflyet
Det var ein glad og ivrig gut som sette på dør denne ulukkesmåndagen i 1972, i hendene hadde han eit nytt spennande leiketøy, eit modellfly han sjølv hadde montert. Byggjesettet hadde han fått tak i på Vikse, der han gjekk første året på ungdomsskulen.
Nils Magne hadde prøvd flyet i lufta dagen før. Det hadde vore mange skodelystne, både born og vaksne, som stod spente og såg på då flyet letta frå bakken og kom opp i stor høgde. Berre ei snor mellom seg og flyet. Det skulle få både fart og høgde på seg i dag også!
Søskena var vitne
Men så skjedde det som ikkje skulle skje; flyet hengde seg opp i nokre høgspentkablar og då gjekk det frykteleg galt.
– «Å! Harald Emil!», var dei siste orda Nils Magne fekk stotra fram før han blei liggjande livlaus på bakken.
Henny Karin, i dag gift Drange, minnast berre brotstykke av det som hende, ho var berre 8 1/2 år, men hugsar at ho sat på ein stein rett ved sida av Nils Magne, og passa på han.
– Ingen av oss borna våga å ta i Nils Magne, men det verka som han sov. Eg hugsar også at han hadde surra flylina rundt eine fingeren og så held dei andre borna i lina bak. Har også eit vakt minne om at han ropa til Harald Emil at han måtte sleppa lina.
Rune har si historie: – Då bror min kom og fortalde at Nils Magne hadde fått støyt i seg, fôr eg ut for å sjå, han låg på bakken, og det var brent hol i fingrane hans. Så sprang eg opp til arbeidarane som jobba med grunnmuren på nyeskulen. Snart var dei på plassen og starta opplivingsforsøk.
Olav hugsar det var mykje springing og folk, og at Trygve Kinn kjefta på ambulansen for at dei var så trege.
Harald Emil prøvde å ta imot Nils Magne då han datt. Han observerte at flylina var kutta, det viste seg at den hadde vore straumførande.
– Eg gløymer aldri brannlukta, den same lukta som når ein elektromotor brenn, forklarar Harald Emil.
Reagerte lynraskt
I nabohuset hadde Aslaug Kinn, (dåverande lærar ved Sveio skule) akkurat lagt sin halvt år gamle baby på stellebordet, men reagerte lynraskt då Karen kom. Ho treiv guten, la han på badegolvet og fekk tak i mannen sin, Trygve, som straks ringde naudtelefonen.
– Eg gløymer aldri Karen si skjelvande røyst då ho gjentok gong på gong: – « Dette skal gå godt, dette må gå godt!» minnast Kinn. Datoen for når det skjedde står også klart, det var på dottera Karoline sin treårsdag.
Nils Magne var stor etter alderen, men var likevel eit barn. Han døydde momentant av straumsjokket. Det fastslo legen då han kom.
Den tragiske dødsulukka blei omtalt i aviser landet over, og det blei eit sterkt farvel med Nils Magne.
– Det var frykteleg tøft, eg trur alle som budde i Sveio sentrum blei berørte av det som skjedde, fastslår Aslaug Kinn.
Draumen
Karen Larsen fortel at ho ei natt nokre veker før ulukka hadde ein merkeleg, men svært realistisk draum.
– Eg såg for meg to personar som dreiv med gjenopplivingsforsøk på ein person som låg på bakken, rett framfor inngangen til porten vår. Så kom presten med kappe og krage, men då bråvakna eg.
– Kva kunne draumen bety? Karen fortel ho tenkte mykje på dette og blei uroleg. Men det var ingen mørke skyer på himmelen den dagen, og ingen i familien var sjuke, så ho slo det frå seg. Det skulle altså likevel gå troll i ord.
Tøffe tider
Nils Magne sin bestevenn og jamaldring, Frank Eik, var på tur frå Krossleite då han høyrde ambulansen. Han reagerte sterkt då han fekk vita at venen var død.
– «Først mista eg mor mi, så bestemor, og nå har eg mista min beste kamerat!» utbraut han i gravferda.
– Eg minnast det var traumatisk ettersom eg mista mor mi berre nokre få år før «Nilsi», som eg kalla han, fortel Frank Eik, i dag pensjonert brannmann, busett på Tynset.
For nabo og kamerat, Karl Johan Lier, var det også ein tøff beskjed å få.
– Eg hugsar det som ein forferdeleg dag, ein dag som eg framleis tenkjer på med jamne mellomrom. Nils Magne var ein god kamerat, han var populær og hadde mange vener, fortel Lier.
Psykisk helsevern
Det var ikkje noko hjelpeapparat innan psykisk helse den gongen, det var berre å klara seg best mogleg sjølv og prøva å koma seg vidare.
– Det er alltid synd på dei som mister nokon, då tenkjer eg alltid på kor mykje uvettig folk kan koma med av kommentarar. Me opplevde at det gjekk rykte om at Nils Magne vart heilt svart og oppbrend, men det var berre oppspinn – me såg han jo! seier mora.
Dag for dag
Sorga blei tung, og livet blei tungt i lang tid etterpå, men tida mildna den kvassaste sorga. Langsamt blei det fleire av dei levelege dagane.
– I starten var det umogleg å ta det inn over seg, og det er framleis vanskeleg å forstå, fortel Karen før ho legg til: – Ein tenkjer mykje etter ei slik hending. Det var ubeskriveleg vondt då det skjedde, men nokre gonger har eg tenkt at kanskje var det slik at han blei spart for andre ting seinare i livet. Det vart dette som til sist blei trøysta mi, seier 87 år gamle Karen Larsen. I dag ville sonen hennar vore 62 år om han hadde levd.
Livet vidare
Harald Emil (11), Rune (10), Henny Karin (8 ½), og Olav (6) hadde mista storebroren sin. Etter ulukka blei søskenflokken ein for lite. Det gjorde utslag på ulikt vis.
Rune prata mykje om broren han mista, ein gong han kom heim med ein kamerat peika han ut broren på eit gruppebilete som hang på gangveggen.
– Der er broren min, – han som døydde, forklarte han.
– Nei, nei, hysj-hysj, protesterte Harald Emil. Det gjekk lang tid før han klarte å snakka om storebroren.
– Eg kan ikkje hugsa at nokon snakka om ulukka i ettertid, hendinga blei dyssa ned, seier Henny Karin.
– Det gjekk sin gang, har tenkt på det mange gonger, i dag finst det kriseteam, me hadde ein nabo i ein dag, men så var det over, då byrja kvardagen. Men alle kom på skulen, og alle spurte og ville vita. Det budde lite folk i Sveio på den tida i forhold til i dag, alle kjent alle, når du trefte på ukjende ville du vita kven dei var, seier Harald Emil.
Ikkje feil å bry seg
Karen Larsen opplevde at enkelte snudde seg vekk og unngjekk henne den første tida etter at sonen var død. Det blei til at ho sjølv tok kontakt.
– Eg minnast ei som sa: – «Det var godt du sa noko, for me visste ikkje kva me skulle seia.»
– Kva vil du seia til dei som møter folk i sorg?
– Me menneske gruar oss gjerne til å møta den som er ramma av noko vondt. Kanskje me er redde for å seia noko dumt. Men det er feil, all varme og omsorg er godt å få, og det hjelper å snakka. Somme tenkjer at det kanskje er vondt om praten skulle koma innpå noko som har med Nils Magne å gjera. Men det at folk nemner han er berre godt. Då er han ikkje gløymd.
Karen trekkjer også fram at ektemannen Henry passa godt på grava til sonen.
– Han gjekk alltid først opp til grava før han kom heim frå arbeid, – det fekk eg vita i ettertid, seier ho stille.
Tette band
Karen har eit minne frå då Olav skulle læra å sykla. Etter mange formaningar om å vera forsiktig, svara guten kvikt:
«– Du treng ikkje vera redd. «Nimme» (Nils Magne) har laga merke i vegen der eg skal stoppa, – viss eg kjem over det merket tek han sykkelen.»
– Korleis var Nils Magne som bror?
– Han var kjempesnill og grei, ein aktiv og glad gut, godt likt av alle. Når du er tretten var jo me andre små «dretungar», men han tok oss alltid med, kjem det unisont frå søskengjengen.
Denne dagen 49 år etter ulukka, har blitt ein vev av alvor, smil og minne. På grava til Nils Magne veks det blomar, og mor og søskena har sett ned kvite roser og tent lys.
– Han var ein god bror for oss, og me vil alltid bera med oss minnet om han, seier søskena Harald Emil, Olav, Rune og Henny Karin.