nyhende

Alv Gunnar Aasbu ser med glede tilbake på bardommens julefeiring utan elektrisk lys.
Alv Gunnar Aasbu ser med glede tilbake på bardommens julefeiring utan elektrisk lys.

Minnest barndommens julefeiring

– Eg vil framsnakka dei som står for bedehusa i kommunen, seier vekas «Hei, sveibu».

Publisert Sist oppdatert

Hei, sveibu!

Namn: Alv Gunnar Aasbu

Alder: 70

Bustad: Lier ved Førde

– Som pensjonist gjer eg stort sett det eg har lyst til. Men eg har også framleis litt jobb med rekneskapsføring. Eg både starta og slutta yrkeslivet mitt som rekneskapsførar. Innimellom har eg også gjort litt av kvart anna.

– Kva gjer du til dagleg?

– Kva er det beste med å vera sveibu?
– Her har me massevis av flott natur. Men kan dra ut i skogen og gå i timevis på tur. Gjerne åleine, om ein ønskjer det.

– Er det noko du saknar i Sveio?
– Nei, faktisk ikkje.

– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Eg vaks opp i Haugesund. Noko av det kjekkaste eg visste som liten, var å dra til onkel og tante på Lier – på den eigedommen som nå tilhøyrer meg – og feira jul. Der var juletreet pynta med levande lys. Lier var ein av dei siste gardane i Sveio som fekk elektrisitet. Det skjedde først i 1959. Difor var også alle rom opplyste av parafinlampar og stearinlys i min tidlegaste barndom. Det var stemningsfullt, men litt skummelt også med dei romma som ikkje var opplyste. Når eg no feirar jul, åleine med katten, minnest eg med glede den tida.

– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
– Eg vil framsnakka dei som står på for bedehusa i kommunen og legg til rette for at folk framleis kan møtast der.

Powered by Labrador CMS