nyhende

I kommunestyret var Arne Valen ein ivrig og dyktig debattant som aldri var redd for å stå opp for partiet og saker han brann for. Arkivfoto: Thomas Vallestad Drageset
I kommunestyret var Arne Valen ein ivrig og dyktig debattant som aldri var redd for å stå opp for partiet og saker han brann for.

Minneord om Arne Valen

Publisert Sist oppdatert

Det var med stor sorg vi fekk melding om at Arne Valen har gått bort. Med Arne sin bortgang har Sveio mist ein engasjert lokalpolitikar, ei verdifull samfunnsrøyst og eit varmt medmenneske.

Arne var ein mann med eit stort hjarta. Dette viste han i sine flotte innlegg frå talarstolen i kommunestyret. Med varme og respekt løfta han perspektiva til dei som gjerne har det tøffast i samfunnet. Han såg folk, hadde verdifull kunnskap og erfaringar, og var ei trygg stemme for dei som altfor ofte ikkje vert høyrde.

Han vart vald inn i kommunestyret for første gong i 2019, og vart då leiar for kontrollutvalet. I denne kommunestyreperioden har han vore leiar for hovudutval for helse og omsorg – eit ansvarsområde som ein kunne merka at låg hans hjarta nært.

Men Arne var ikkje berre lokalpolitikar. Han var også ein lun og trygg samtalepartnar, alltid smilande, alltid til stades. Han lytta med oppriktig interesse og svarte med erfaring, omtanke og glimt i auga. Det var lett å snakka med Arne, og om det var noko ein lurte på, ja då kom han med gode og gjennomtenkte svar.

Sveibuen kjente Arne som ein aktiv bidragsytar i kommunen vår. I fjor haust feira vi 10-årsjubileum for Frivilligsentralen, ei etablering som Arne var høgst delaktig i som ein aktiv styreleiar. Han var også ein ivrig småbrukar, og fleire fekk oppleva gleda av å ha jord under neglene, og å få produsera eigen mat i andelslandbruket som han tok initiativ til under pandemien.

Det er mange som vil sakna Arne. Han vil bli sakna som kollega i det politiske arbeidet, som ein positiv bidragsytar i lokalsamfunnet, og som medmenneske i kvardagen. Vi i Sveio kommune står i djup takksemd for det store bidraget Arne har gitt til fellesskapen vår.

Vår varmaste medkjensle går til familien og dei næraste i sorga. Vi lyser fred over Arne Valen sitt minne.

På vegner av Sveio kommune
André Mundal Haukås
Ordførar

Powered by Labrador CMS