nyhende

Minnelundane oppgradert – eit verdig alternativ til tradisjonell gravplass

Sveio kyrkjelege fellesråd er no ferdig med ei oppgradering av minnelundane i kommunen. Det finst to – ein på gravplassen i Sveio sentrum og ein i Førde.

Publisert Sist oppdatert

I Sveio sentrum er det snakk om ei lita oppgradering. I Førde er det utført litt reklamasjon/reparasjon i samband med lyssettinga.

I følgje kyrkjeverje Ottar Krakk er minnelunden ved Sveio kyrkje no klargjort for plakettar, samt at det er montert plakettar med diktet «Det er den draumen» av Olav H. Hauge. Tilsvarande er gjort i Førde.

Dronefoto frå Sveio sentrum, 19. april 2021.

Begge stader er det snakk om namna minnelundar. I Sveio sentrum vart minnelunden anlagt ved utvidinga av kyrkjegarden i 2012/2013, i Førde i samband med utvidinga i 2017.
I Førde har det vore ein del utfordringar med lyssettinga, det er no ordna.

– Minnelunden i Førde har belysning. Dette var ei nyvinnande løysing som ikkje var direkte prøvd tidlegare. Det har difor vore nokre utfordringar med løysinga. Dette har ein nå funne løysingar på og lysa lyser på nytt som dei skal, opplyser Krakk.

Ein stad for å minnast

Når minnelundane vert tatt i bruk til urnenedsetting vil det bli montert ei plate med namn og fødsels/dødsdato, samt at ein kan velja mellom nokre ulike symbol (kors og andre religiøse symbol og meir livssynsnøytrale).

Opplyst minnelund ved Førde kyrkje.

På ein minnelund har ein ikkje eit eige gravminne/gravstøtte for den enkelte slik at dei etterlatne ikkje har ansvar for dette, men kan etter ønskje leggja ned blomar. Dei pårørande slepp å ta ansvar for gravminnet, samt at dei likevel vil ha ein stad der dei finn avdøydde sitt namn og kan gå dit for å minnast.

Byfenomen?

– Kvifor er minnelundar lite kjent i vårt distrikt?
– Dei fleste stader er minnelundar anlagt for urner, sjølv om det óg er mogleg å kopla kistegraver til minnelundane. I Sveio er dei anlagt for urner. Minnelundar er nok meir kjent der det over tid har vore meir vanleg med kremasjon, og dermed meir vanleg i byane. Haugesund har hatt dette tilbodet over noko tid. Det same har mellom anna Stord og Bømlo. Alle stadar vert det brukt ein del og me vil og tru at det i Sveio vil bli tatt meir i bruk når tilbodet vert meir kjent, meiner Ottar Krakk.

Powered by Labrador CMS